Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Ungdata 2017

ungdata.jpg

20. mars vil elevane ved Voss gymnas gjennomføre Ungdataundersøkinga 2017.

I samarbeid med Hordaland fylkeskommune gjennomfører forskingsinstituttet NOVA ved Høgskulen i Oslo og Akershus og Kompetansesenter rus – region vest Bergen (KoRus Vest Bergen) ei spørjeundersøking blant ung­domane i fylket vårt. Formålet med undersøkinga er å kartleggje ulike sider ved livsstilen og leve­kåra til ungdom. Resultata frå undersøkinga vil kunne danne grunnlag for ungdomspolitikken og det førebyggjande arbeidet retta mot ungdom i Hordaland. Data frå undersøkinga vil også kunne verte brukte i forskings- og utviklingsprosjekt der målet er å få ny kunnskap om oppvekstvilkåra til ungdom.

 

For meir informasjon om undersøkinga sjå dette infoskrivet eller besøk www.ungdata.no.