Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Påbygging til generell studiekompetanse

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse på Vg3. Du kan søke både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg undersøke om skulen tilbyr fag som gir spesiell studiekompetanse.

Me tilbyr

Før du byrjar på Vg3  påbygg, må du ha fullført eitt av desse tre alternativa:

  • Vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram
  • Vg1 studieførebuande og Vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram
  • Vg3 yrkeskompetanse med fag- eller sveinebrev 

Generell studiekompetanse er inngangsbilletten til høgare utdanning. Etter Vg3 kan du derfor søkja dei aller fleste utdanningar ved høgskular og universitet, innan dei aller fleste fagområde.

Søk opptak

Kvifor påbygging?

Har du gått eit yrkesfagleg utdanningsprogram, og funne ut at du vil studere vidare på høgskule eller universitet? Er studiekompetanse målet ditt? Då bør du søkje påbygging til generell studiekompetanse.

For opptak til visse studie vert det krevd spesiell studiekompetanse med fordjupning i matematikk eller andre realfag.

vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal Vg3
Sum timetall per uke 30
Norsk 10
Nyare historie 5
Naturfag 3
Matematikk 5
Kroppsøving 2
Programfag 5

Tredje året

_MWF5357.jpg

Påbygging til generell studiekompetanse

Faga på Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse er krevjande, og  du som søkjer påbygg må vera motivert for mykje teori. For å få generell studiekompetanse, og dermed koma inn på høgskule eller universitet, er det ein føresetnad at faga frå påbygg er bestått. Fleire studie har karakterkrav høgare enn dette. Du bør ha gode karakterar frå fellesfaga på Vg1 og Vg2 som grunnlag for å gjennomføra dette året. Er du motivert og klar for å arbeida godt med faga? Då er påbygg det rette for deg!

vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søkje opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom Samordna opptak. Her får du og informasjon om kva for opptakskrav som gjeld for dei ulike studia.

 Har du ikkje bestemt deg for kva du vil studere? Då kan du få gode tips på utdanning.no.

Samordna opptak Utdanning.no

ta kontakt

Avdelingsleiar Profilbilde av Eva Kolstø

Eva Kolstø

Send e-post
Rådgjevar Profilbilde av Ingrid K Skorpen

Ingrid K Skorpen

Send e-post