Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Musikk, dans og drama

Driv du med musikk, dans eller drama på fritida? Er du samstundes interessert i teoretiske fag? Då kan du slå saman interesse med skule og oppnå generell studiekompetanse.

Me tilbyr

  • Musikk, dans og drama på Vg1
  • Fordjupning i musikk på Vg2 og Vg3

Musikklina er eit tilbod til deg som vil kombinera hobbyen din med utdanning. Me har gode lærekrefter og topp utstyr for å gje ei best mogleg undervisning. Gjennom små og store konsertar og framsyningar får du god trening i å prestere framfor publikum. Kvart år har vi ei prosjektveke der me set opp større konsertar, musikalar, m.m. Lina har eit godt miljø og elevane har tilgang til skulen med nøkkelkort fram til kl 22 kvar kveld.

Søk opptak

Kvifor velje musikk, dans og drama?

Musikklina er ei treårig studieførebuande utdanning som gir deg generell studiekompetanse. Ved å velja R1 i matematikk på Vg2 kan du og søkja deg inn på utdanningar som krev spesiell studiekompetanse.

vilbli.no Facebook musikklinja

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2 Timetal Vg3
Sum timetall per uke 35 35 35
Instrument, song og samspel 5 5 5
Lytting og musikkhistorie 2 5 5
Musikk,dans og drama 5 0 0
Fordjupning i musikk 0 5 5
Ergonomi og rørsle 0 2 2
Instruksjon og dirigering 0 0 5
Norsk 4 4 6
Engelsk 5 0 0
Samf.fag/geografi 0 5 0
Historie 0 2 4
Matematikk 5 3 0
Naturfag 5 0 0
Religion 0 0 3
Framandspråk 4 4 0

Første året

MDD3.jpg
  • På Vg1 får du både teoretisk og praktisk musikkopplæring i tillegg til allmennfaga
  • Du vel eit (hoved-)instrument/song som du får undervisning i ein gong i veka. Det er lurt å velja noko du har erfaring i frå før. I tillegg får du undervisning i piano og song 
  •  Du får og undervisning i samspel/song
  •  Dans og drama er fag i Vg1

Andre året

MDD1.jpg
  • I Vg2 held du fram med hovedinstrument og piano. Samtidig får du innføring i å spela etter akkordar(besifring)
  • I faget Musikkfordjuping 1 lærer du deg å arrangere musikk for ulike besetningar
  • I Musikk i Perspektiv 1 tar ein for seg musikkhistoria
  • Du kan velja fordjuping i matte(R1) dette året

Tredje året

MDD2.jpg
  • I Vg3 er det undervisning på hovedinstrument med øvingslære
  • Musikk i perspektiv 2 er videreføring frå Vg2
  • Musikk fordjuping 2 er eit valfag. Dersom ein ynskjer det,  kan ein velja eit av dei andre faga skulen tilbyr
  • Instruksjon og leiing er opplæring i å leia/administrera oppsetjingar og å dirigera ulike ensembler
  • I Vg3 reiser elevane på studietur til Berlin. Den er fullfinansiert av elevane gjennom inntekter frå diverse konsertar og gjev spanande opplevingar som ein elles ikkje får i nærmiljøet.

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søkje opptak til høgare utdanning i Norge. Dette gjer du gjennom Samordna opptak. Her får du også informasjon om kva for opptakskrav som gjeld for dei ulike studiane.

 Har du ikkje bestemt deg for hva du vil studere? Da kan du få gode tips på utdanning.no.

Samordna opptak Utdanning.no

ta kontakt

Avdelingsleiar Musikk, dans og drama Profilbilde av Jan Magne Olsen

Jan Magne Olsen

Send e-post
Rådgjevar Profilbilde av Ingrid K Skorpen

Ingrid K Skorpen

Send e-post