Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Medium og kommunikasjon

Er du interessert i fortellarteknikk, mediepåverknad og utforming av bodskap? Ønskjer du i tillegg studiekompetanse? Då er Medium og kommunikasjon faget for deg. Studietilbodet er treårig og du kan gå vidare på universitet/høgskule etter fullført og bestått utdanning.

Me tilbyr

Medielina er for deg som vil kombinera utdanning og hobby.  I løpet av tre skuleår får du jobba med film, fotografering, animasjon, journalistikk, lyd, nettsider og sosiale medium, for å nemna noko. I tillegg har du fellesfaga  norsk, engelsk, samfunnsfag, naturfag og kroppsøving.

På medielina prøver me å gjera undervisninga så praktisk som mogeleg: Først grunnleggjande opplæring i klasserommet, deretter praktisk arbeid med kamera, lydutstyr, teiknebrett, PC eller anna.

 

 

 

Søk opptak

Kvifor velja medielinja?

Medielina er ei treårig utdanning som gir fordjuping i mediefag og generell studiekompetanse. Vel du R1 i matematikk på Vg2, kan du søkja deg inn på utdanningar som krev spesiell studiekompetanse.

 

Me har dugande lærarkrefter og topp utstyr, alt for at du skal få så god opplæring som mogeleg. Elevar på medielina får «Adobe-pakken», dei same dataprogramma som profesjonelle mediefolk brukar.

Elevane på medielina deltek kvart år på Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF) og Nordiske Mediedagar i Bergen. Siste skuleåret reiser me på studietur til London.

 

 

vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2 Timetall VG3
Sum timetall per uke 35 35 35
Mediesamfunnet 1, 2, 3 5 5 5
Medieuttrykk 1, 2, 3 5 5 5
Valfrie mediefag 0 5 10
Norsk 4 4 6
Engelsk 5 0 0
Samfunnsfag 0 5 0
Matematikk 5 3 0
Kroppsøving 2 2 2
Naturfag 5 0 0
Religion 0 0 3
Historie 0 2 4
Framandspråk 4 4 0

Første året

MK lydstudio 1.jpg

I mediefaga lærer me idéutvikling, grunnleggjande fotografering, marknadsføring, illustrasjonsarbeid, lyssetjing, sosiale medium, film, lyd, journalistikk og anna.

Kunnskapane brukar me til å gjennomføra produksjonar innan journalistikk, reklame og informasjonsarbeid. Du lærer å bruka profesjonelle dataprogram på eit grunnleggjande nivå.

Etiske normer og regelverk er også mellom emna me legg vekt på det første skuleåret.

 

Andre året

MK fotostudio 3.jpg

Me byggjer vidare på det me lærte i VG1. Dei fleste emne frå det første året er framleis med. I tillegg får du animasjon, nettsider og streaming/fjernsynsproduksjon.

Du lærer å bruka dataprogramma på eit meir avansert nivå.

Tredje året

silje mk.jpg

Me vidareutviklar kunnskapane frå dei to første skuleåra.

Det vert meir spesialisering og større fokus på mediesamfunn og medieuttrykk. Me jobbar med større produksjonar innan journalistikk, reklame og informasjonsarbeid; frå planlegging via produksjon til presentasjon av sluttprodukt.

Du lærer dataprogram på eit meir profesjonelt nivå, og arbeider meir avansert med idéutvikling, kommunikasjonsmodellar og stilartar.

VEGEN VIDARE

 

Med generell studiekompetanse kan du søkja dei fleste studium ved høgskular og universitet i Noreg. Dette gjer du gjennom Samordna opptak. Her får du også informasjon om kva for opptakskrav som gjeld.

Med bakgrunn frå medielina kan du mellom anna bli:

  • journalist, tekstforfattar eller innhaldsprodusent
  • webdesignar, interaksjonsdesignar eller speldesignar
  • lydteknikar, lyd- eller filmprodusent
  • kommunikasjonsrådgjevar eller medie- og samfunnskonsulent
  • eller andre yrke

Har du ikkje bestemt deg for kva du vil studera? Du finn gode tips på utdanning.no.

Samordna opptak Utdanning.no