Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Service og samferdsel

Er du serviceinnstilt og liker å hjelpe folk? Då kan service og samferdsel vere noko for deg. Du går to år på skule før du held fram som lærling i ei bedrift. Utdanninga fører fram til fagbrev. Du kan òg ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Me tilbyr

Vg2 IKT-servicefag. Stord vidaregåande skule tilbyr ikkje undervisning på Vg1- nivå i service og samferdsel, men Vg2 IKT-servicefag er eit tilbod me har.  Alle som har gått eit Vg1 år kan søkja IKT-servicefag.

Søk opptak

Kvifor velje IKT-servicefag?

Likar du teknologi? Likar du å yta service? Ser du problem som spanande utfordringar? Kan du tenkja deg å arbeida med brukarstøtte, drift og vedlikehald av IKT-system? Då skal du vurdera å søkja IKT-servicefag. 

vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal Vg2 IKT-servicefag
Sum timetall per uke 35
Brukar- og driftsstøtte 6
Drift og vedlikehald 6
Verksemdstøtte 5
Prosjekt til fordjupning 9
Engelsk 2
Kroppsøving 2
Norsk 2
Samfunnsfag 3

Andre året

IKT klassen 4.jpg

Vg2 IKT-servicefag er eit tilbod frå utdanningsprogrammet Service og samferdsel som me har på Stord vidaregåande skule. Det spesielle med dette tilbodet er:

  • Du kan søkje uansett kva Vg1 du har gått.
  • Det er den einaste IT-utdanninga i vidaregåande skule på Stord.

Ut i LÆRE

Etter 2 år i skule kan du søke læreplass i godkjende lærebedrifter.

Vil du vite korleis du søker læreplass, kva bedrifter som er godkjende lærebedrifter eller vil søke læreplass kan du bruke lenkjene under.

Om du ikkje vil søke læreplass etter Vg2 kan påbygg til generell studiekompetanse vera eit alternativ. Men ver merksam på at du også kan søka dette etter å ha tatt fagbrev og har du ungdomsrett er påbygg etter fagbrev ein rettighet ut året du fyller 24.