Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Idrettsfag

Idrettsfag tilbyr idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet på alle nivå. Du kan velje toppidrett og satse på idretten din, eller velje breiddeidrett og eit meir allsidig aktivitetstilbod. Samstundes får du generell studiekompetanse.

Me tilbyr

Likar du å utfordre deg sjølv, anten som idrettsutøvar eller gjennom allsidig idrett? Ønskjer du mange sterke fellesskapsopplevingar i eit trygt miljø basert på fagleg kompetanse, grunnleggjande verdiar og tett oppfølging? Ja, då er idrettsfag på Stord vgs noko for deg!

 

Søk opptak

Kvifor velje idrettsfag?

Idrettsfag er ei treårig studieførebuande utdanning. Går du på idrettsfag kan du velje å satse og vidareutvikla deg som idrettsutøvar, eller du kan drive med meir allsidig idrett samstundes som du får generell eller spesiell studiekompetanse.

vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2 Timetall Vg3
Sum timetall per uke 35 35 35
Engelsk 5 0 0
Norsk 4 4 6
Naturfag 5 0 0
Matematikk 5 3 0
Framandspråk 4 4 0
Geografi 0 2 0
Samfunnsfag 0 3 0
Historie 0 2 4
Religion og etikk 0 0 3
Felles programfag 12 17 17
Valfrie programfag 0 0 5

Første året

Idrett slalom.jpg

På Vg1 må du velja mellom topp eller breiddeidrett og mellom P (praktisk) eller T (teoretisk) matematikk. Det er viktig å bli kjent med klassen og koma i gang med gode rutinar for trening og undervisning. Skulen har gode rutinar for dette og legg stor vekt på å kommunisera både med elev, føresette og trenarar for å gjera overgangen til den vidaregåande skulen så god som mogeleg. Det blir gjennomført fleire turar på Vg1, mellom anna dreg vi på  vintertur og telttur.

Andre året

idrett svøm beskjært.jpg

På Vg2 får du to nye obligatoriske programfag, treningsleiing og idrett og samfunn. Du må og på Vg2 gjera val kring matematikk som eventuelt kan gje spesiell studiekompetanse. Det er og fleire turar på Vg2, mellom anna ei veke på treningsleir til La Santa på Lanzarote, kanotur og fjelltur.

Tredje året

Idrett oksygenmål.jpg

På Vg3 har du litt færre fellesfag og det er mogeleg å konsentrera seg litt meir om programfaga. Har du ambisjonar om spesiell studiekompetanse, må du gjera val omkring det. Det blir gjennomført fleire turar og på Vg3, mellom anna studietur til toppidrettssenteret med innlagt landskamp i fotball, og vintertur i snøhole.

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søke opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom samordna opptak.
Her finn du òg informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studiane.
Har du ikkje bestemt deg for kva utdanningsløp du vil ta, kan du få gode tips på utdanning.no.

Samordna opptak Utdanning.no