Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bygg- og anleggsteknikk

Bygg- og anleggsteknikk er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Me tilbyr

Utdanningsprogrammet Bygg- og anleggsteknikk finn du på Stord vidaregåande skule si avdeling for yrkesfag på Vabakkjen. Her finn du gode verkstadlokale utstyrt med moderne maskiner og verktøy. Mykje av opplæringa går føre seg ute på ulike byggjeplassar. Lærarane har lang erfaring frå bransjen.

Hos oss kan du søkja:

  • Vg1 Bygg- og anleggsteknikk
  • Vg2 Byggteknikk
Søk opptak

Kvifor Bygg- og anleggsteknikk?

Har du lyst til å jobba i friske yrke med produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg? Då er Bygg- og anleggsteknikk noko for deg!

Utdanningsprogrammet omfattar produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg med tilhøyrande tekniske installasjonar.

vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2 Byggteknikk
Sum timetall per uke 35 35
Produksjon 12 12
Teikning og bransjelære 5 0
Bransjelære 0 5
Prosjekt til fordjupning 6 9
Norsk 2 2
Matte 3 0
Naturfag 2 0
Engelsk 3 2
Kroppsøving 2 2
Samfunnsfag 0 3

Første året

Byggfag verkst 4.jpg

Vg1 Bygg- og anleggsteknikk er sett saman av  av fag som legg vekt på praktisk dugleik og gir grunnlag for utdanning i eit av dei faga som utdanningsprogrammet består av. Du får difor eit grunnlag for eit bevisst val av vidare opplæring fram mot eit framtidig yrke.

Læreplanar for Vg1

Andre året

Byggfag verkst 2.jpg

På Vg2 Byggteknikk lærer du det du treng for å søkja lære i desse faga:

  • Tømrarfaget
  • Murarfaget
  • Betongfaget
  • Stillasbyggjarfaget

Opplæringa er i stor grad praktisk basert med oppdrag som ofte foregår ute på byggeplassar.

Læreplanar Vg2

Ut i lære

Etter 2 år i skule kan du søke læreplass i godkjende lærebedrifter.

Vil du vite korleis du søker læreplass, kva bedrifter som er godkjende lærebedrifter eller vil søke læreplass kan du bruke lenkjene under.

Om du ikkje vil søke læreplass etter Vg2 kan påbygg til generell studiekompetanse vera eit alternativ. Men ver merksam på at du også kan søka dette etter å ha tatt fagbrev og har du ungdomsrett er påbygg etter fagbrev ein rettighet ut året du fyller 24.