Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Om Stord vidaregåande skule

Stord vidaregåande skule er ein skule med eit stort mangfald, både når det gjeld menneske og fag. Visjonen vår er Vekst og utvikling for alle! Me ønskjer deg velkommen til oss - her vil du trivast!

RegionsKULEN I SUNNHORDLAND MED FLEST UTDANNINGSTILBOD

Stord vidaregåande skule har eit breitt utdanningstilbod innanfor studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Senter for vaksenopplæring og karriererettleiinga i Sunnhordland er lagt til skulen. Skulen tilbyr òg kurs til vaksne innan ulike fagområde i samarbeid med NAV og lokale bedrifter.

Me har om lag 830 elevar og 170 tilsette. Skulen ligg på Saghaugen og Vabakkjen i Leirvik, men me nyttar også lokala på Opplæringssenteret på Heiane og mange andre læringsarenaer utanfor skulen.  

Visjonen vår er «Vekst og utvikling for alle». Me  ønskjer og arbeider for at skulen skal vera ein skule der både elevar og tilsette har ein trygg arbeidsplass der me kan veksa og utvikla oss.

Hovudadministrasjonen held til på Saghaugen. Her finn du dei studieførebuande utdanningsprogramma og avdeling for Meistring og utvikling. Senter for voksenopplæring og Karriere Sunnhordland har òg tilhald her. Kart - Bilete

På Vabakkjen finn du dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Studiesenteret vårt ligg òg her.  Kart  Bilete

Kursavdelinga vår ligg på Opplæringssenteret på Heiane. Kart - Bilete

Leiinga

Leiargruppa har den pedagogiske og administrativ leiinga på skulen, og står for den daglege drifta. Dei har ansvaret for at skulestyresmaktene sine vedtak vert sett i verk, og at skulen sine interesser vert tekne hand om på beste måte. Dei har eit særleg  ansvar for elevane og dei tilsette sitt arbeidsmiljø. Rektor har det overordna ansvaret. I leiargruppa sit rektor og assisterende rektor, administrativ leiar og sju avdelingsleiarar med ansvar for utdanningsprogramma, vaksenopplæring og kursverksemda vår.

Rektor Profilbilde av Astrid O Haugland

Astrid O Haugland

Send e-post
Assisterande rektor Profilbilde av Haakon Hansen

Haakon Hansen

Send e-post
Administrasjonsleiar Profilbilde av Tove Volden Nygård

Tove Volden Nygård

Send e-post
Avd.leiar BA, EL, Automasjon, TIP og IKT-servicefag Profilbilde av Erik Henneli

Erik Henneli

Send e-post
Avd.leiar Meistring og utvikling Profilbilde av Ellen Strandenes

Ellen Strandenes

Send e-post
Avd.leiar studiespesialiserande Språk, samfunn og økonomi Profilbilde av Eva Kolstø

Eva Kolstø

Send e-post
Avd.leiar Stord opplæringssenter, Heiane Profilbilde av Anne Grete B. Bjelland

Anne Grete B. Bjelland

Send e-post
Avd.leiar Medium og kommunikasjon og Musikk, dans og drama Profilbilde av Jan Magne Olsen

Jan Magne Olsen

Send e-post
Avdelingsleiar Senter for Voksenopplæring, Stord Profilbilde av Neeta P Sankholkar

Neeta P Sankholkar

Send e-post

Fagleiarar

Elevadministrasjon Profilbilde av Torleiv Agdestein

Torleiv Agdestein

Send e-post 57307924

Kontor og administrasjon

Skulen har kontoradministrasjon både på Saghaugen, Vabakkjen og Heiane. Her får du hjelp til mykje, til dømes: 

  • Utskrift av vitnemål og kompetansebevis
  • Lånekassen
  • Skuleskyss
  • Elevbevis
  • Hjelp til å få kontakt med den du søkjer
  • Diverse søknadsskjema og opplysningar om fristar, m.m.
  • Bortkomne eigendelar

Sentralbordet og ekspedisjonane har opningstid mellom kl. 08.00 - 15.00/15.30