Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevaktivitetar

Me ønskjer at elevane skal trivast hos oss. Gjennom skuleåret legg me opp til aktivitetar der elevar kan treffast og bli kjende på tvers av klassar og undervisningsgrupper. Eit aktivt og godt elevmiljø gjev glade elevar og gode skuleresultat!

Drømmeskolen

D1.jpg

Våren 2016 blei skulen med i forskingsprosjektet «Drømmeskolen» -eit prosjekt som har som mål å betre læringsmiljøet.

Sentralt i prosjektet er dei nærmare 40 elevmentorane som er rekruttert blant elevar i 2. og 3. klassane på skulen. Dei er med når me tek imot dei nye elevane om hausten, og er med inn i VG1-klassane når klassane skal etablere gode samværsreglar. Dei er og med på å skape eit godt skulemiljø for alle på skulen når dei arrangerer trivselsskapande tiltak gjennom skuleåret. 

Skulestart

skulestart1.jpg

Kvar haust er det mange nye elevar som begynner på skulen vår. Vi ønskjer at gamle og nye elevar skal bli kjent med kvarandre og med lærarane sine. Derfor startar me det nye skuleåret med ulike aktivitetar i og på tvers av klassane. Startsamtale med kontaktlærar og turdag for elevar og tilsette er faste postar på programmet. 

Elevrådet

Elevrådstyret 1516.jpg

Elevrådet representerer elevane ovanfor rektor og andre som bestemmer på skulen. Er det noko du ønskjer å endra på skulen, kan du ta det opp som ei sak i  elevrådet. Vil du bidra til å laga eit godt skulemiljø, kan du engasjera deg som tillitsvald i klassen, i ein komite, eller berre ved å vere ein god medelev! Elevrådet møtest omlag ein gong i månaden, og er representert med ein elev frå kvar klasse. Møte i elevrådet gjev gyldig fråvere. 

Huskonsert  

Huskonsert.jpg

Ein onsdag i månaden arrangerer 3.klasse på Musikklinja konsert for alle elever og tilsette på skulen. Det er fritt fram for alle elevar å opptre her. Konsertane er i Konsertsalen på Saghaugen og finn stad i matpausen.

Musikal

Musikal Jørn Olav Myhre.jpg

Kvart tredje år set musikklinja opp ein musikal der alle elevane på linja er involverte, anten på eller bak scena. Førestellinga er eit stor løft for linja, og Kulturhuset blir booka for fleire førestellingar. Våren 2014 var det Jesus Christ Superstar som sto på programmet.

Foto: Jørn Olav Myhre

Juleturnering

juleturnering0.jpg

Dei to siste skuledagane før juleferien, arrangerer 3.klasse idrett juleturnering for alle elevar og tilsette ved skulen. Det er turnering i ulike idrettar som kan variere frå år til år; volleyball, fotball, dodgeball og innebandy har vore mest vanleg. Idrettselevane gjev arrangementet ein pangstart med eigeprodusert opningsshow. Juleturneringa er ein fin tradisjon og ei god avslutning på ein lang haust med mykje læring og utvikling. 

Teater

Emil i Lønneberget.jpg

Me har aktive 3.klassingar som tradisjonelt lagar mykje liv og røre på skulen. 3 kl på musikklinja set kvart år opp ein teaterførestelling for barn og vaksne like etter skulestart. Dei har ansvar for heile produksjonen og brukar delar av sommaren til øving og kulissesnekring. Hausten 2015 var det Emil i Lønneberget som sto på programmet.

Russerevy

Russerevy THEA IDSØE.jpg

Foto: Thea Idsøe

Kvar vår går russen saman om å lage russerevy. Alle VG3-elevane er med i førestellinga som er spekka med musikk, dans og verbale innslag. Aktuelle hendingar blir kommenterte, og ikkje minst skulen sine tilsette må finne seg i å bli parodierte, men det skjer med glimt i auga. Inntektene frå revyen går til eit veldedig formål.

Trafikkdagen

Dramatisk.jpg

Annankvart år, før russebilane begynner å rulla for alvor, har skulen ein trafikkdag. Alle elevane på skulen skal læra meir om trafikk gjennom informasjon, øvingar og opplevingar. Politi, brannvesen, Vegstasjonen, ambulansetenesta og Røde Kors står bak programmet og de tek også  ansvar for gjennomføringa.

Krafttak mot kreft

Krafttak.jpg

Stordrussen samlar kvart år inn fleire hundre tusen til kreftsaka. Dei bidreg på fleire måtar- dei er med på «Krafttak mot kreft»- aksjonen kvar år, og overskot frå russerevy og andre russeaktivitetar går gjerne til kreftforeininga. Innsats som gjev teljande kroner og øre til eit godt formål.