Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Biblioteket

På skulebiblioteket vårt på Saghaugen har me både faktabøker og skjønnlitteratur. Du kan bruka internett i samband med skuleoppgåver, og treng du ei utskrift kan du få det. Her er sitjegrupper til gruppearbeid, og eigen lesesal  for fordjuping i fred og ro. 

Søk i boksamlinga vår

 

Opningstid

Skulebiblioteket er ope frå kl. 08.00 - 15.00 kvar dag.

Utlånsreglement

Du må ha nasjonalt lånekort for å låna bøker og tidsskrift.  Lån kan ein fornya to gonger. Viss du mistar eller øydelegg noko, må du erstatte det. 

Normal lånetid:

  • Bøker: 4 veker
  • Blad og aviser: 1 veke

 

Kjeldekritikk og kjeldebruk

Når du skrive ei oppgåve er det viktig å finna gode kjelder til informasjon. Men korleis kan du stola på det du finn? Det er viktig å utøva kjeldekritikk for å finna eigna informasjon.

Du kan ikkje klippa og lima andre sitt arbeid som ditt eige. Korleis kan du bruka andre sine tekstar uten å plagiera? Det kan du læra meir om på sida vår om kjeldebruk og kjeldekritikk.

Kjeldekritikk

 

E-lån

E-lån Hordaland har over firehundre titlar. Det er mest romanar, men og ungdomsbøker og fagbøker. Du kan lasta ned e-bøkene til datamaskinen, nettbrettet eller mobilen. Same bok kan leggjast inn i  seks ulike einingar, og bøkene blir automatisk leverte tilbake etter tre veker. 

E-lån Hordaland