Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

FYR ved Stord vidaregåande skule

Fyr1.jpg

FYR står for fellesfag, yrkesretting og relevans, og FYR-arbeidet skal bidra til å yrkesrette og knytte dei teoretiske faga nærmare yrkesfaga. Fyr-arbeidet ved skulen starta for alvor opp hausten 2015 då ein av lærarane ved skulen, Ingvild Kannelønning, blei FYR-koordinator i HFK.

Fyr4.jpg

- Dette er eit prosjekt som starta i 2011 gjennom Kunnskapsdepartementet, og seinare Utdanningsdirektoratet, fortel Ingvild. - Satsinga varte ut år 2016, men målet er at prosjektet skal vere berekraftig på skulane framover i tid. På vår skule går FYR-arbeidet blant anna ut på at me prøvar å knytte fellesfaga og programfaga meir saman på dei ulike linjene. Går du til dømes på VG1 bygg og anlegg, skal fellesfaga matematikk, norsk, engelsk og naturfag vere prega av at du går nettopp dette utdanningsløpet. Samtidig skal faga vere relevant for deg som elev, ikkje berre i forhold til vurdering og eksamen, men vidare i ditt eige liv. Målet er at fleire elevar skal meistre faga godt, og fullføre utdanninga si.

fyr 2.jpg

- Korleis vert det jobba med FYR- prosjektet ved skulen? -Me har hatt fleire lærarar på FYR-skulering i Oslo, og me jobbar for å få til eit god samarbeid mellom programfaglærarar og fellesfaglærarar, svarer Ingvild. - Dette gjer me mellom anna ved å halde på dei same lærarane på dei ulike linjene over fleire skuleår, og ved å dele erfaringar og undervisingsressursar med kvarandre. Dersom me skal lukkast godt med FYR, er me avhengig av at me samarbeider godt, og delar! Det er og fint for elevane å sjå at lærarane snakkar saman, og veit kva dei andre held på med i sine fag, avsluttar Ingvild.