Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevtenester

Elevinspektør, rådgjevarar og  helsetenesta samarbeider for at du skal trivast, ha god helse og gjennomføre utdanninga di på ein god måte. Me rettleier deg i spørsmål  knytt til karriere og yrkesval, tilrettelegging av undervisninga og ulike helsespørsmål. Under finn du òg informasjon om bibliotek, IKT- hjelp og kantinene på skulen.

Treng du hjelp med noko?

Elevinspektør

Cecilie Berger er elevinspektør hos oss. Ho er mellom anna ansvarleg for elevrådet, i tillegg er ho kontaktperson for Russen.

Cecilie vekslar mellom å vera tilgjengeleg for elevane på skulen, og har difor kontor både på Saghaugen, i 2.etg  og på Vabakkjen, i 3.etg. 

 Ved å kontakta elevinspektør kan du få hjelp til mellom anna:

  • Har du saker som er relevante for elevrådet ?
  • Er det noko som er vanskeleg i klassen ?
Elevinspektør Profilbilde av Cecilie Berger

Cecilie Berger

Send e-post 57307939

 

Elevrådet

Elevrådet representerer elevane ovanfor rektor og andre som bestemmer på skulen. Er det noko du ønskjer å endra på skulen, kan du ta det opp som ei sak i  elevrådet. Vil du bidra til å laga eit godt skulemiljø, kan du engasjera deg som tillitsvald i klassen, i ein komite, eller berre ved å vere ein god medelev!

Elevrådet møtest omlag ein gong i månaden, og er representert med ein elev frå kvar klasse. Møte i elevrådet gjev gyldig fråvere.

 

Rådgjevartenesta

Lurer du på kva du vil bli? Tenkjer du på framtida? Utdanning og yrke? Har du eit konkret problem på skulen eller heime? Eller treng du berre nokon å snakka med? Då kan du ta kontakt med  rådgjevarane våre.

Sosialpedagogisk rådgjevar Saghaugen Profilbilde av Mona Ulgenes Bore

Mona Ulgenes Bore

Send e-post

 

Sosialpedagogisk rådgjevar Vabakkjen Profilbilde av Per-Heine Dahl

Per-Heine Dahl

Send e-post

 

Rådgjevar studieførebuande Saghaugen Profilbilde av Ingrid K Skorpen

Ingrid K Skorpen

Send e-post

 

Rådgjevar yrkesfag Vabakkjen Profilbilde av Frode Fjellanger

Frode Fjellanger

Send e-post

 

Helsesøster Vabakkjen Profilbilde av Camilla Berg Larsen

Camilla Berg Larsen

Send e-post 97552024
Helsesøster Saghaugen Profilbilde av Iselin Amundsen

Iselin Amundsen

Send e-post 912 46 661
Skulepsykolog Profilbilde av Beate Gjermstad

Beate Gjermstad

Send e-post

Helsesøster og Skulepsykolog

Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevane på skulen. Du kan sjølv gå til helsesøster om du har spørsmål eller treng nokon å snakke med. Helsesøster har teieplikt. Her er noko av det du kan ta opp:

  • Livsstil: Søvn, fysisk aktivitet, kosthold, tobakk, rusmiddel
  • Kroppslege plager, spørsmål om helsa di
  • Psykiske vansker, depresjon, angst, sinne
  • Konsentrasjonsvansker, lærevansker
  • Spørsmål om seksualitet og prevensjon
  • Vektproblem, vanskelege forhold til mat og eting
  • Vanskelege heimeforhold, uro for nokon i familien
  • Rusmiddelbruk hos deg sjølv eller nokon du kjenner
  • Utsett for (eller vitne til) vald eller overgrep

Helsesøster for Saghaugen: Iselin L. Amundsen, mobil 912 46 661. Er på helsestasjonen på Leirvik. Elevane kan gjera avtale med ho måndag og torsdag.

Helsesøster Vabakkjen: Camilla Berg Larsen, mobil 97 55 20 24. Er å treffa måndagar og torsdagar  0830-1500

Bibliotek Saghaugen 1.jpg

Bibliotek

I underetasjen på Saghaugen finn du biblioteket vårt. Det har opningstid frå 08.00 - 15.30 kvar dag. Her får hjelp til å finne fagstoff, låne bøker og tidsskrift, sitte i fred og ro å jobbe med eigne ting eller jobbe i gruppe. Du kan også ta utskrift her. 

 

Meir om biblioteket
Kantina Saghaugen 1.jpg

Kantine

Kantinene våre på Vabakkjen og Saghaugen tilbyr varme og kalde rettar, frukt og grønt, samt litt snacks.

Kantina på avd. Saghaugen er open måndag-torsdag frå kl 07.00-14.00, fredagar frå kl 07.00-13.00.

Kantina på avd. Vabakkjen er open måndag-torsdag frå kl 07.45-14.00, fredagar frå kl 07.45-13.00.

Kantina på avd. Opplæringssenteret er driven av ei ungdomsbedrift, og har ope ca to dagar i veka. For opningstider, sjå eige oppslag på døra.

IKT-tenesta

Vi har IKT-konsulentar med kontor høvesvis på Saghaugen og på Vabakkjen. Dei kan m.a. hjelpa deg med tilgang til programvare, tilgang til nettverk og tenester.