Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Om garden og læringsarenaene

Skulen sin historie, læringsarenaer og tilbod i 2015

Om gardsbruket.

På Stend har det vore skule sidan 1866. Hordaland fylke kjøpte eigedomen Stend, gnr. 97, bnr. 1 i Fana i 1861,  for å bruke eigedomen til jordbruksskulegard for fylket. Gardsbruket er i dag på vel 2.000 dekar, der ca 1.200 dekar er produktiv skog. Garden er soleis ein av dei største jordbruks-eigedomene i fylket. I tillegg til eigen gard, paktar skulen den dyrka jorda på Fana prestegard fram til år 2030, og bruker skogen på Fana prestegard som øvingsskog.

Skulegarden har både konvensjonell og økologisk drift, og om lag 150 daa av jordbruksarealet er godkjent til økologisk produksjon. I husdyrhaldet er det sauene som har økologisk godkjenning. Skulen fikk oppført ny driftsbygning for husdyrhaldet i 1988. Driftsopplegget er allsidig med omkring 40 mjølkekyr m/påsett og fôring av ungdyr til slakt, 60 vinterfora sauer og 600 frittgåande verpehøner. I 2010 fekk skolen installert mjølkerobot og  nytt kalvefjøs. I 2011 blei det innreidd nytt sauefjøs.

I skulen sin gardsbutikk blir mange av skulen sine eigne produkt selt, i tillegg til andre innkjøpte økologiske matvarer og lokalproduserte varer.

Dei ulike produksjonane og læringsarenaene på garden blir brukt til opplæring knytt til praktiske øvingar i husdyrbruk, hest, smådyr, selskapsdyr, hund, friluftsliv, jordbruk, gartneri og hagebruk, skogbruk og verkstader.

Læringsarenaene

Vg 1 naturbruk nyttar driftsbygninga som øvingsarena, og fjøset er populært for elevar i tilrettelagte grupper. I enden av driftsbygninga finn du skulen sin nye besøksavdeling. Denne inviterer inn barnehagegrupper og andre som vil møte dyra som bur der. Det er elevgrupper på naturbruk som driftar avdelinga.

Skulen har stall med plass til ca. 40 hester, kapasiteten blei dobla i 2011. Nye stallplassar er etablert i tidlegare smådyravdeling. Elevane kan leige seg inn her med eigne private hester, som etter avtale kan bli brukt i undervisninga. Ved stallen er det opparbeidd stor køyre- og ridebane (40x80m) og ein ny moderne ridehall med internasjonale mål (20x60m).

I stallområdet finn du og eit moderne hundeanlegg., med dagkennel og Lupolabben, der elevane kan drive trening med hundane. Smådyravdelinga blei i 2011 flytta frå området ved stallen, til gammelt reiskapshus/potetlager ved fjøsplassen. Her finn du ei moderne avdeling med eit breitt spekter av selskapsdyr. Elevane deltar i drifta, og lærer kva dei ulike dyra treng, og korleis dei skal handtere dei.

Ei av gruppene på arbeidslivstrening har base i gartneriet, og det er ei mykje brukt øvingsarena for anleggsgartnarane. Andre grupper bruker det nye kjøkkenet i gartneriet i øvingar knytt til foredling og drift. Veksthusa dekker eit areal på 1,2 daa, og her er hovudproduksjonen sommarblomster, juleblomstrar, agurk og urter.

Skulen har eige sagbruk med gardssag for produksjon av trelast, og vedmaskinar for vedproduksjon. Sagbruket er ei mykje brukt læringsarena for grupper i tilrettelagte grupper, og i enkelte øvingar i vg1 naturbruk.

Bjarghallen ligg like i nabolaget vårt, og er i bruk til kroppsøving og i mykje av den praktiske opplæringa i idrettsfaga. Hausten 2013 opna Stend Fitness, skulen sitt eige treningssenter! Treningssenteret er i bruk i kroppsøving og til basistrening, i tillegg til at mange av skulen sine elevar og tilsette trener flittig i fritida.

Fjorden, Mjølkevika, Stendaholmen og skogen.

Skulen ligg i eit gamalt kulturlandskap, med eit stort areal og boltre seg på. Like viktig er naturen rundt gardsbruket, som er brukt til mange ulike aktivitetar. Skulen har eige naust, og har både robåter, kanoar og kajakker som elevane brukar til å prøve ut, og vidareutvikle ferdigheiter i eit kystnært friluftsliv. Nærleik til skogen, både Stenda- og Hordnesskogen gir gode moglegheiter for å prøve ut friluftsliv, og drive med aktivitetar på ulike nivå.