Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kolibri - CARF

Våren 2016 inngjekk Stend vidaregåande skule ein samarbeidsavtale med Kolibri - Children at Risk Foundation (Kolibri-CARF).  Avtalen betyr at vi utvider det samarbeidet avdeling for arbeidstrening og yrkesfagleg grunnutdanning har hatt i nokre år, til å gjelde heile skulen.

Grunnlag for samarbeidet

Kolibri - CARF ønsker å etablere eit langsiktig samarbeid som kan skape engasjement hos elevane, samtidig som eit slikt samarbeid kan bety ei stabil støtte for prosjektet i Brasil.

Stend vidaregåande skule ønsker eit samarbeid med CARF for, gjennom større nærleik til eit prosjekt over tid, å skape eit større og meir konstruktivt engasjement blant elevane enn det vi har fått til gjennom Operasjon Dagsverk.

Gjennom eit samarbeid med ein lokal organisasjon har vi eit mål om å arbeide meir systematisk og langsiktig. Målet er å involvere heile skulen, skape engasjement gjennom aktivitet i og mellom grupper og integrere arbeidet med internasjonale spørsmål og kultur i ulike fag.

Elevar på skulen vil gjennom året ha prosjekter for å samle inn støtte til Kolibri-CARF. I tillegg skal vi gjennomføre ein "Internasjonal dag".

Elevrådet har eit ansvar for oppfølging av avtalen med CARF, i planlegging av Internasjonal dag og ved å inkludere det i elevrådet sitt arbeid gjennom året.

Skulen frigjer ein skuledag til gjennomføring av Internasjonal dag, koordinerer arbeidet i arbeidsgruppa og tar ansvar for å inkludere samarbeidet i fag og aktivitetar gjennom året.

Internasjonal dag

Fokus for "Internasjonal dag" er:

  • Kunnskap om CARF i Noreg og Brasil, om internasjonale spørsmål og korleis ungdomar kan engasjere seg.
  • Involvering - solidaritet gjennom aktivitet, skape engasjement.
  • Styrke fellesskapet på Stend.

I forkant av, og på sjølve dagen, gjennomfører elevane innsamlingsaktivitetar. På Internasjonal dag deltar alle elevane på ulike aktivitetar, knytt til kultur, kunnskap og fellesskap.

Internasjonal dag vart gjennomført for første gong i 2017.