Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevtenester

På Stend står eleven i sentrum! Alt vi gjer skal støtte opp under ei god og relevant opplæring for elevane. Her finn du informasjon du som elev treng for å få maksimalt ut av skulekvardagen, og kva Elevtenesta kan hjelpe deg med.

Elevtenesta

Elevtenesta samarbeider tett med lærarane, og skal bidra i arbeidet med eit godt skule- og læringsmiljø.   Skulen har òg miljøterapeuter som arbeider i skulemiljøet.

Elevinspektør koordinerer arbeidet i elevtenesta, og har ansvar for at skulen arbeider systematisk med skulemiljøet. Ho er kontaktperson for elevråd og russestyre, og skal bidra til at elevane sine rettar blir tatt i vare. Ho skal og følgje opp dei som bur på hybel.

Kontakt elevinspektør

 

Rådgiving er eit tilbod som alle elevar har rett på. På Stend er denne delt mellom fleire rådgjevarar.

Nina Laberg er sosialpedagogisk rådgivar for elevar i eigne grupper, mens Anne-Kjersti Lien har ansvar for elevane i ordinære grupper på idrett, service og samferdsel, naturbruk og påbygg. Heine Bringe er utdannings- og yrkesrådgivar, og svarer i tillegg på spørsmål knytt til Lånekassen og skuleskyss.

Lurar du på noko, ta kontakt!

RÅDGIVARAR

Sosialpedagogisk rådgivar

Kvar enkelt elev har rett til nødvendig rådgiving om sosiale spørsmål. Sosialpedagogisk rådgivar skal medverke til at elevane finn seg til rette på skulen, og hjelpe kvar enkelt elev med personlege, sosiale og emosjonelle vanskar som kan ha noko å seie for opplæringa, og for eleven sine sosiale tilhøve på skulen. Rådgivar hjelper og til med søknader om hjelpemiddel, tilrettelegging til eksamen, kontakt med hjelpeapparatet utanfor skolen og anna.

Sosialpedagogisk rådgivar Profilbilde av Anne-Kjersti Lien

Anne-Kjersti Lien

Send e-post
Sosialpedagogisk rådgivar - HT/HTA Profilbilde av Nina Britt Laberg

Nina Britt Laberg

Send e-post 55918834

 

Utdannings- og yrkesrådgivar

Kvar enkelt elev har rett til rådgiving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval. Utdannings- og yrkesrådgivar skal bevisstgjere og støtte eleven i val av utdanning og yrke, utvikle kompetansen til den enkelte til å planlegge utdanning og yrke, og til å gjere gode val. Spørsmål om Lånekassen, skoleskyss og val av fag kan du og snakke med Heine om. 

Utdannings- og yrkesrådgivar Profilbilde av Heine Nils Bringe

Heine Nils Bringe

Send e-post

 

Treng du hjelp i jakta på rett høgare utdanning?

Lurar du på kva du skal bli, og kva utdanning du skal ta etter vidaregåande skule?
Her finn du lenker til nokre nettsider som kan hjelpe deg i jakta.
Hugs òg at du alltid er velkomen til å spørje rådgivar.

 

 

Biblioteket

På biblioteket finn du eit breitt utval av bøker og tidsskrift, og her kan du sitje i fred å arbeide med faga.

Eksamen

Målet for alle elevar, og for skulen, er å vere godt førebudd til eksamen. Vi har difor laga ei side der du finn praktisk informasjon om eksamen og anna som er nyttig å vite om krav til gjennomføring av opplæringa. 

Kjentmann

Stend vidaregåande skule har frå hausten 2016 innført Kjentmanns-ordninga. Elevar kan ta kontakt med Berit Karin eller Anne-Kjersti dersom dei har spørsmål knytt til eigen eller medelevars rusbruk. Lærarar kan ta kontakt dersom dei har elevar som dei trur strevar med rusbruken sin. 

Kjentmann

Elevinspektør

Elevinspektøren har ansvar for elevdemokrati og elevmiljø, og for å ta i vare elevane sine rettar. Dette betyr mellom anna å:

  • støtte elevrådet med organisering, planlegging og dagleg arbeid 
  • arbeide for å førebygge problemåtferd
  • samarbeide med russen på skulen
  • drive haldningsskapande arbeid mellom elevane
  • vere kontaktperson i nærmiljøet
  •  koordinere arbeidet i skulemiljøutvalet

Elevinspektøren har eit særleg ansvar for å følgje opp arbeid som handlar om elevane sine rettar til eit godt læringsmiljø, jf. Kap. 9a i opplæringslova. Dette betyr at skulen skal arbeide systematisk for å sikre at skulemiljøet er trygt og inkluderande.

Les om Mobbeombodet i HFK

 

 Elevinspektøren har ansvar for koordinering av elevtenesta generelt.

Elevinspektøren skal følgje opp elevar som er bortebuarar. Elevinspektør er i kontakt med hybelutleigarar i nærområdet, og kan kontaktast ved spørsmål om moglegheiter i nærmiljøet. Skulen leiger og ut nokre hyblar.

Søk om hybel på skulen

  

 

 

Elevinspektør

Elevinspektør Profilbilde av Berit Karin Ø Nilssen

Berit Karin Ø Nilssen

Send e-post