Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Tilrettelagte grupper

Vi tilbyr opplæring i tilrettelagte grupper for elevar som har behov for det. Gruppene er knytt opp mot eit utdanningsprogram. Opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført i staden for eit vitnemål.

Tilrettelagte grupper på Stend vidaregåande skule er knytt opp til utdanningsprogrammet naturbruk eller service og samferdsel. Stend er knutepunktskule for elevar som treng tilrettelegging, og har eit tilbod til dei fleste. Felles for alle gruppene er at dei har fokus på å bruke naturen og dei mange læringsarenaene på Stend, og vere i aktivitet.

Lurer du på om Stend har eit tilbod til deg, eller ungdommen din, kontakt rådgivar på ungdomsskulen, eller avdelingsleiar på Stend.

Les meir om "inntak 1. februar" Kvardagslivstrening

Den vidaregåande opplæringa skal føre fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse. Mål om grunnkompetanse vil seie at opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. I staden for eit vitnemål, får eleven eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.

Ordninga krev enkeltvedtak om spesialundervisning. Søknadsfristen er 1. februar.

Arbeidslivstrening Yrkesfagleg grunnutdanning

Kontakt oss

Avdelingsleiar HTH - Kvardagslivstrening Profilbilde av Reidun Mangersnes Moe

Reidun Mangersnes Moe

Send e-post
Avdelingsleiar HTA/HT - Arbeidslivstrening/Yrkesfagleg grunnutdanning Profilbilde av Tom Jacob Kyrkjebø Irgan

Tom Jacob Kyrkjebø Irgan

Send e-post