Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Naturbruk

Er du interessert i natur og miljø, dyr og menneske? Då kan naturbruk passe for deg. Du kan bli lærling etter 2 år på skule, og deretter ta fagbrev. Du kan òg gå vidare på Vg3 og ta yrkeskompetanse eller studiekompetanse, avhengig av kva programområde du vel.

Naturbruk er ein praktisk veg til yrkeskompetanse eller studiekompetanse.

Vi har på Stend ulike profilar der du er saman med andre som har same interesse som deg.

Profilane vi tilbyr på Vg1 i 2017 er:

  • Dyrefag (søk Naturbruk med dyrefag)
  • Hestefag (søk Naturbruk med hest)
  • Anleggsgartnar (søk Naturbruk)
  • Friluftsliv (søk Naturbruk med friluftsliv)

Les meir om dei ulike profilane lenger nede på sida. 

Yrkesretting Studiekompetanse

Kva kan du velje mellom på naturbruk?

Elevane på dyrefag vel dyrehelse eller hund andre året (søk: Landbruk og gartnerinæring med dyrehelse eller Landbruk og gartnerinæring med hundefag), før dei går Vg3 (Påbygg eller Naturbruk) for å få generell- eller spesiell studiekompetanse. 

Når ein går anleggsgartnar første året på Stend kan ein gå direkte ut i lære andre året. Bransjen garanterer læreplassar for ein klasse som fullfører Vg1. Læretida blir da tre år før ein tek fagprøven og får fagbrev.

Dei som går på hestefag kan gå vidare til heste- og hovslagarfag. Deretter kan dei gå ut i lære, eller gå Vg3 påbygg for å få generell- eller spesiell studiekompetanse. 

Friluftsliv kan ein velje både i Vg1 og Vg2, før ein går Vg3 påbygg for å få generell- eller spesiell studiekompetanse (søk: Landbruk og gartnerinæring med friluftsliv).

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal VG1 Timetal VG2 Vg3 Naturbruk Vg3 Påbygg
Sum timetal per veke 35 35 35 30
Programfag 17 17 5 5
Norsk 2 2 10 10
Engelsk 3 2 0 0
Matte 3 0 5 5
Naturfag 2 0 3 3
Samfunnsfag 0 3 0 0
Historie 0 0 5 5
Kroppsøving 2 2 2 2
Prosjekt til fordjuping 6 9 0 0
Naturforvaltning 0 0 5 0

Første året

_MWF6951.jpg

Vg1 Dyrefag

Vil du lære om dyr? På dyrefag får du jobbe med mange ulike dyreslag. Du har øvingar i fjøset med ku, sau og høns. I Noregs største smådyravdeling lærer du handtering, fôring og stell av dyr som er vanlege i dyrebutikkar. Du er med og driv hundekennel, og er i stall og ridehall med hest. På dyrefag får du kjøre traktor, og jobbe praktisk på garden. Dyrefag handlar òg om korleis vi kan foredle produkt frå dyra som mjølk og ull, og korleis ein kan gjennomføre tenester for andre, gjennom gardsbesøk eller aktivitetar for born. Du får òg lære om korleis vi kan bruke naturen aktivt til friluftsliv, og korleis vi kan ta vare på naturen. 

Etter Vg1 dyrefag vel elevane Vg2 Landbruk og gartnerinæring med dyrehelse eller Vg2 landbruk og gartnerinæring med hundefag. 

For å søke Vg1 dyrefag på Stend må du søke på Vg1 Naturbruk med dyrefag på VIGO.  

anlegg_stallområdet_2.jpg

Vg1 Anleggsgartnar

Liker du å jobbe ute med små maskinar for å lage fine utemiljø for andre? På anleggsgartnar lærer du å halde parkar og grøntanlegg ved like. Du lærer å lage murar og legge heller og belegningsstein. Vel du anleggsgartnar på Vg1 naturbruk på Stend, er du eitt år på skulen. I løpet av Vg1 har du utplassering i bedrifter som vi samarbeider med. Deretter kan du gå tre år i lære for å ta fagbrev som anleggsgartnar. Dette er ein rask veg ut i arbeid, i ei næring som treng flinke folk. Bransjen garanterer læreplassar for elevar som fullfører vg1. 

Etter Vg1 Anleggsgartnar kan du også velje Vg2 Anleggsgartnar- og idrettsanleggsfag på Voss vidaregåande skule.

For å søke Vg1 anleggsgartnar på Stend må du søke på Vg1 Naturbruk på VIGO.  

hest.jpg

Vg1 Hestefag

Vg1 hest er eit tilbod til deg som er interessert i å lære meir om hest, anten du har ambisjonar om å jobbe i hestefaget, eller vil drive med hest som hobby. Du må ikkje ha eigen hest for å gå på hestelinjen, men om du har, så har vi plass til den i skulen sin stall. 

På Vg1 hest jobber du med ulike tema som er relatert til hest og stalldrift, mellom anna riding, kjøring, stallarbeid og stalldrift, salmaking og arbeid med maskinar som er brukt i hestefaget. Ein del av undervisninga er teoretisk.

Etter Vg1 hest kan du fortsette på Vg2 heste- og hovslagerfag.

For å søke Vg1 hest på Stend, må du søke på Naturbruk med hest på VIGO.

Søk stallplass
friluft.jpg

Vg1 Friluftsliv

Friluftsliv er eit perfekt utdanningsval for deg som vil ha studiekompetanse, og samtidig ha ein aktiv og variert skulekvardag. På Vg1 friluftsliv fokuserer vi på basisferdigheiter innan friluftsliv. Du får lære, og øve på, dei grunnleggande ferdigheitene du treng for å klare deg ute heile året. Du får vere med på jakt, lære havsportaktivitetar som kajakk, Coastering og fridykking, og du får prøve deg i vinterfjellet. Du får kunnskap innan emne som kart og kompass, klatring, bål, førstehjelp, å overnatte ute under ulike forhold og mykje meir. Du tar ulike kurs som brattkort, våtkort, jegerprøve, båtførarprøve og motorsagbevis.

For å søke Vg1 friluftsliv på Stend må du søke på Vg1 naturbruk med friluftsliv på VIGO.

Etter Vg1 friluftsliv kan du velje Vg2 Landbruk og gartnerinæring med friluftsliv, eller andre utdanningsprogram innan naturbruk.

Andre året

hund.jpg

Vg2 Hundefag

Dette er linja for deg som vil ha hund som yrke!

Hundefag er eit populært fag på Stend Vidaregåande Skule i Bergen. Gjennom praksis med mange ulike hundar og entreprenørskap vil du lære å trene, fôre og stelle hund, utvikle ein tjenestehund, drive ein bedrift, instruere i hundefag, bidra i rehabilitering m.m.

Vi trur på å lære gjennom å arbeide praktisk! Du er med å starte ein ekte hundekennel på skulen, og får gjennom 3 veker utplassering prøve deg i ulike yrker med hund, i Norge eller utlandet. Heile klassen reiser og ei veke til Norsk Folkehjelp sitt treningssenter for minesøkshunder i Bosnia.

For å søke Vg2 hund på Stend må du søke på Vg2 Landbruk og gartnerinæring med hund i VIGO.  

Stend hundefag
dyrehelse.jpg

Vg2 Dyrehelse

Har du ambisjonar om å arbeide med omsorg for dyr?

Då er Vg2 dyrehelse noko for deg.

Her lærer du om dyras anatomi, fysiologi, og helse. Gjennom praktiske øvingar og teori, vil du lære om mange ulike dyrearter og deira særeigne krav til miljø, fôr og stell. Praktisk erfaring er noko vi set høgt i opplæringa. Gjennom 3 vekers utplassering i dyreklinikk, hjelpeorganisasjonar for dyr eller dyrebutikk i Noreg eller utlandet, får du prøve deg i typiske dyreomsorgsyrker.

For å søke Vg2 dyrehelse på Stend må du søke på Vg2 Landbruk og gartnerinæring med dyrehelse i VIGO.  

hest_edited_2.jpg

Vg2 heste- og hovslagerfag

Vg2 heste- og hovslagerfag er linjen for deg som meiner at hest er ein naturleg del av kvardagen!

Det er 17 timer undervisning i programfag knytt til hest kvar einaste veke. Det er variert undervisning gjennom heile året i riding (dressur, sprang, tur, terreng), køyring (dressur, presisjon, arbeidskøyring, køyring i skogen), trav, salmaker, utstilling, stalldrift og generell handtering og dagleg stell av hest. I tillegg er det 7 timar kvar veke der elevane kan velje å arbeide i ein hesterelatert bedrift, eller fordjupe seg i ulike fag her på skulen. 

Etter Vg2 kan du gå vidare på Vg3 påbygging til generell eller spesiell studiekompetanse, eller gå ut i lære i heste- eller hovslagerfaget. Etter to år i lærebedrift kan du få fagbrev.

Vil du ha hesten med deg, og treng stallplass? Les meir om korleis du søker:

Søk stallplass
P9020083.JPG

Vg2 Friluftsliv

På Vg2 friluftsliv får du vidareutvikle ein del av de ferdigheitene du tileigna deg på VG1, du får mellom anna bruke meir tid på klatring og kajakk. Turane vil bli meir krevjande, både sommar og vinter. Vi reiser mellom anna på ein fem dagars klassetur. På Vg2 skal du lære å vere turleiar, og ha ansvar for ein gruppe på tur, og då byggjer vi på dei basisferdigheitene du lærte på Vg1. Du får og lære korleis det er å starte opp og drive ei bedrift, og får gjennom dette innsikt i kva som skal til for å leve av friluftsliv. 

For å søke Vg2 friluftsliv på Stend må du søke på Vg2 Landbruk og gartnerinæring med friluftsliv i VIGO.

Tredje året

friluftsliv_3.jpg

Elevane på naturbruk vel ofte Vg3 allmennfaglig påbygging det tredje året. Då oppnår dei generell eller spesiell studiekompetanse, og kan studere vidare på høgskule og universitet. Vg3 allmennfagleg påbygging er eit år med mykje teori. Du kan velje eit fritt programfag som friluftsliv, psykologi, kjemi, biologi, fysikk eller matematikk.

Elevar som har gått Vg1 og Vg2 på naturbruk kan også gå Vg3 landbruk. Dette tilbodet har Nye Voss vidaregåande skule.

KOntakt oss

Avdelingsleiar Profilbilde av Torbjørn Litlere

Torbjørn Litlere

Send e-post