Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Idrettsfag

Idrettsfag tilbyr idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet på alle nivå. Du kan velje toppidrett og satse på idretten din, eller velje breiddeidrett og eit meir allsidig aktivitetstilbod. Samstundes får du generell studiekompetanse.

Kvifor skal du velje idrettsfag på Stend?

Har du ambisjonar innanfor idretten din? Eller mål om studiekompetanse, men ønsker ein aktiv skulekvardag? Likar du å utfordre deg sjølv i nye aktivitetar, samtidig som du har ambisjonar om gode resultat i faga? Då er idrettsfag på Stend vidaregåande skule utdanningsprogrammet for deg.

På Stend blir du inkludert i eit skulemiljø med eit mangfald av elevar, med ulike interesser og idrettar. Med tett oppfølging og tilrettelegging frå skulen sine lærarar, og i samarbeid med trenaren din, vil du få ein skulekvardag som hjelper deg til å bli enda betre i din idrett! Vi tilbyr toppidrett innanfor ei mengde idrettar, og har gode arenaer, både inne og ute.

Våre idrettslærarar Bilete

Undervisninga

På Stend har vi fokus på totalbelastningen for elevane. På idrettsfag gjennomfører du mange ulike økter med trening, både i spesialidretten og på fysiske eigenskapar og andre idrettar/aktivitetar. Eit viktig mål for elevane er å vere «godt trent for å kunne trene» Dette jobber vi med slik at prestasjonsnivået aukar gjennom langsiktig og riktig trening.

Undervisninga på idrettsfag er både teoretisk og praktisk. Elevane skal i tillegg til fellesfaga gjennomføre både teoretisk og praktisk undervisning i idrettsfaga. I løpet av den første månaden på vg1, må du som elev velje mellom toppidrett og breiddeidrett som programfag. Dette utgjer 5 timer i veka der du kan spesialisere deg i ”din” idrett, eller velje breiddeidrett som gir ein breiare basis i ulike idrettsaktivitetar.

Tilleggspoeng Trenere

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal VG1 Timetal VG2 Timetal VG3
Sum timetal per veke 35 35 35
Norsk 4 4 6
Engelsk 5 0 0
Samfunnsfag 0 3 0
Matematikk 5 3 0
Naturfag 5 0 0
Religion og etikk 0 0 3
Framandspråk (fransk/spansk/tysk) 4 4 0
Historie 0 2 4
Geografi 0 2 0
Aktivitetslære 1,2,3 5 5 5
Treningslære 1,2 2 3 5
Idrett og samfunn 0 2 3
Treningsledelse 0 2 4
Valfrie programfag 5 5 5

Første året

45.JPG

På Vg1 jobbar vi med å kome i gong med gode rutinar i treninga og skulegongen. Du får vere med fleire turar, der du blir godt kjent med dei andre elevane og lærarane dine. 

På Vg1 må du ta to ulike fagval. Du må velje mellom topp- eller breiddeidrett, og mellom matematikk P eller T.

Den praktiske undervisninga fokuserer på meistring, for at du skal lukkast i å lære nye idrettar og teknikkar. Elevane på Vg1 har ei treningsøkt kvar morgon, før den teoretiske undervisninga startar.

Vi har eit mangfald av spesialistar i ulike idrettar, og skulen satsar like mykje på dei store, som på dei små idrettane.

Andre året

IMG_4034.JPG

På Vg2 har du fleire fag enn i Vg1, både teoretiske og praktiske.

Du kan då velje fleire fag frå programområdet. I tillegg tilbyr vi ulike realfag. Har du ambisjonar om spesiell studiekompetanse, må du gjere fagval i tråd med dette.  

I Vg2 vel du anten toppidrett, breddeidrett eller friluftsliv.
 
Også i Vg2 er det fleire turar, mellom anna i Spania, Frankrike eller Tyskland - alt etter kva språk du har undervisning i.

Tredje året

idrett på tur_utsyn.jpg

På Vg3 har du færre fag enn i Vg2, spesielt i fellesfag.
Du kan velje fleire fag frå programområdet, i tillegg til realfag.

På Vg3 vel du anten toppidrett, breiddeidrett, eller friluftsliv.

Har du ambisjonar om spesiell studiekompetanse, så må du gjere fagval i tråd med dette.  
 
Det blir fleire turar, mellom anna treningsleir på Club La Santa på Lanzarote.

Fjerde året

IMG_0272.PNG

Elevar som er på høgt nivå i idretten sin kan søke om å ta vidaregåande opplæring på 4 år.
Dette gir meir tid til trening, og sørger for at prestasjonene både på og utanfor idrettsarenaen blir betre.

vegen vidare

Søk opptak til høgare utdanning

kontakt oss

Avdelingsleiar Profilbilde av Rune Lindgren

Rune Lindgren

Send e-post