Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Aktivitetsdag 19. april 2017

kick-off 2.jpg

Onsdag 19. april var det aktivitetsdag for alle elevar og tilsette på Stend vidaregåande skule. Det er vg3 idrett som har ansvar for å gjennomføre aktivitetsdagen, som del av opplæringa i faget treningsleiing.

Dagen starta med Kick-off på fjøsplassen, der gruppa MMM gjennomførte eit program som varma opp elevar og tilsette til dei ulike aktivitetane. Her var det stort engasjement.

Alle hadde på førehand meldt seg på ein aktivitet, og etter kick-off fordelte vi oss. Det var eit variert tilbod, der alle skulle ha sjansen til å finne noko dei likte. Mellom anna kunne ein melde seg på klatring på "Høyt og lavt", paintball, bading eller bowling på Vannkanten, tur i Hordnesskogen og mykje meir. 

stavollen.jpg
boblefotball.jpg

På Stavollen var det ulike aktivitetar, og boblefotball var ein stor suksess.  

bjarghallen.jpg

I Bjarghallen var det ulike ballaktivitetar. 

hordnesskogen.jpg
rebus Hordnesskogen.jpg

I Hordnesskogen var det rebusløp med blanda lag, grilling av pølser og marshmallows, og ikkje minst godt turfølge.  

kajakker.jpg
kajakk2.jpg

Dei som valde kajakk fekk ein frisk tur på fjorden. 

Stend challenge.jpg

På Stend Challenge fekk ein prøve seg på uvante aktivitetar, mellom anna øksekast. 

Rapport frå blindsoneøving