Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Tilrettelagte grupper

Vi tilbyr opplæring i tilrettelagte grupper for elevar som har behov for det. Gruppene er knytt opp mot eit utdanningsprogram. Opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført i staden for eit vitnemål.

Velkommen til oss!
Vi tilbyr opplæring i tilrettelagte grupper for dei ungdommane som har behov for det. Kvar elevgruppe blir knytt opp mot eit utdanningsprogram. Opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av fag som vi kan sjå at eleven vil meistre.
Elevane får eit kompetansebevis ved avslutta skuletid, og det viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
Ved skuleplass Sund er klassen knytt opp mot Design og handverk eller Byggfag.
Ved skuleplass Bildøy er tilbudet knytt opp til programområdet Restaurant og matfag.

For våre elevar vektlegg vi å gje alle eit likeverdig tilbud. Vi set oss som mål at kvar og ein vil oppleva aktiv deltaking i skulekvardag og i samfunnet ellers. Formålet er å gje elevane kompetanse i arbeidsliv og oppleve livsmestring.
Vil legg vekt på å sjå kvar enkelt elev som som han eller ho er, og stimulere kvar enkelt elev sine moglegheiter.
Det viktigaste for oss er menneskeverd og likeverd, og dette vert avspegla i undervisninga vår.

NB! Søknadsfrist for desse programområda er 1. februar.

Vi tilbyr:

Søk skuleplass

Elevane på dei tilrettelagte gruppene får tett oppfylgjing

For meir informasjon

Rådgjevar Profilbilde av Bente Kalve

Bente Kalve

Send e-post
Rådgjevar Profilbilde av Reidun Vågenes Aase

Reidun Vågenes Aase

Send e-post