Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Studiespesialisering med teknologifag

Er du interessert i teknologi og har samstundes lyst å ta studiekompetanse? Studiespesialisering med teknologifag gir deg spesialisert utdanning innanfor teknologiske fag. Utdanninga passer for deg som ønsker å studere vidare til ingeniør, sivilingeniør eller andre tekniske og naturvitskaplege jobbar.

Vil du bli utfordra praktisk med realfaga du lærer på skulen? Då burde du velje teknologilina hjå oss.

Vi er ein av to skuler i landet som tilbyr dette studieprogrammet, som gjev særskilt godt grunnlag for vidare studier innen teknologi og forsking. Dette er utdanningstilbodet for deg som er interessert i innovasjon, entreprenørskap, ingeniørfag, medisin, forskning og teknologi.  Opplæringa skjer i eige verkstad, med bl.a. 3D-printarar og satsing på robotteknologi.

Vi tilbyr studiespesialisering med teknologifag på alle nivå; både vg1, vg2 og vg3.

Søk skuleplass Meir om teknologilina

Første året

_DSC8253.jpg

Vg1 studiespesialisering med teknologifag

På vg1 studiespesialisering med teknologifag så fylgjer du undervisning som vanleg på vg1 studiespesialisering. I tillegg får du undervisning i verkstad, der du lærer å bruke maskiner og anna utstyr for å sveise, frese og kople straum. Du vil og få tilgang til eige teknologiverkstad der du når som helst i skuletida kan øve deg i praktiske prosjekt.  Du vil i tillegg få introduksjon i 3D-printing på skulens 3D-printarar. Målet er at kunnskapane du får i desse timane skal gje deg eit godt grunnlag for å lage større prosjekt i vg2 og vg3. 

På vg1 vil du havne i klasse med andre likesinna, som du vil gå i same klasse med i tre år på vidaregåande. Det gir deg høve til å arbeide langsiktig saman med andre elevar med like interesser som deg. 

I løpet av skuleåret vil du og få høve til å dra på bedriftsbesøk til ulike bedrifter i nærmiljøet. På våren deltar alle elevar på teknologilina på ei større energimesse saman med næringslivet i vest, der dei knyter kontakter med og får nytt inspirerande påfyll frå næringslivet. 

Elevane øver seg og på å vere kreative, nytenkjande, problemløysande og til å arbeide saman. Dette er kunnskap næringslivet spør etter, også kalla "entreprenøriell kompetanse". 

 

Andre året

Teknologilinja1.jpg

Vg2 studiespesialisering med teknologifag

På vg2 studiespesialisering med teknologifag så vil du fylgje vanleg timeløp som studiespesialisering med realfag.  I tillegg har du på denne lina ekstra timer med lærar i verkstad der du får støtte og hjelp til å praktisk byggje større prosjekt som f.eks. vasskraftverk. Prosjekta kan være basert på eigne idear eller på bestilling frå våre samarbeidspartnarar i næringslivet. Programfaget teknologi og forskingslære 1 er obligatorisk dette året, og prosjekta vil knytte seg opp mot dette programfaget. 

Vi har etablert tett samarbeid med sentrale aktører innen olje- og gassnæringen, samt andre større og mindre bedrifter på Sotra. I løpet av skuleåret vil du og få høve til å dra på bedriftsbesøk til ulike bedrifter i nærmiljøet.  Dersom du ynskjer det vil det og vere høve til å verte utplassert i bedrift  i løpet av skuleåret. På våren deltar alle elevar på teknologilina på ei større  energimesse saman med næringslivet i vest, der dei knyter kontakter med og får nytt inspirerande påfyll frå næringslivet. Her vil du vise fram og presentere prosjektet du har arbeida med for framtidige arbeidsgivarar.
Vi ynskjer å gjere studiene så praksisnære som mogleg, og inviterer derfor samarbeidsbedriftene til Sotra med reelle teknologiske problemstillingar til prosjekt for våre elevar. Samarbeidsprosjekt med Universitetet i Bergen er eit av eksemplene på dette.

 

Tredje året

Teknologilinja3.jpg

Vg3 studiespesialisering med teknologifag

På vg3 studiespesialisering med teknologifag vil du fylgje vanleg timeløp som studiespesialisering med realfag.  I tillegg har du på denne lina ekstra timer med lærar i verkstad der du får støtte og hjelp til å vidareutvikle prosjekta du byrja på i vg2 eller nye prosjekt.

Programfaget teknologi og forskingslære 2 er obligatorisk dette året, og prosjekta vil knyte seg opp mot dette programfaget. Her vil du ta i bruk prosjekta dine og lære å måle og forske på effektar av dine eigne praktiske prosjekt. 

I løpet av skuleåret vil du og få høve til å dra på bedriftsbesøk til ulike bedrifter i nærmiljøet.  Dersom du ynskjer det vil det og vere høve til å verte utplassert i bedrift  i løpet av skuleåret. På våren deltar alle elevar på teknologilina på ei større  energimesse saman med næringslivet i vest, der dei knyter kontakter med og får nytt inspirerande påfyll frå næringslivet. Her vil du vise fram og presentere prosjektet du har arbeida med for framtidige arbeidsgivarar.

På vg3 reiser vi på studietur til forskingssenteret CERN i Genève i Sveits. 

Vegen vidare

Utdanningsprogrammet fører fram til generell eller spesiell studiekompetanse, som gir deg grunnlag for å søkje dei fleste studiar ved høgskular og universitet.  
Teknologilina gir deg særskilt gode føresetnader for å studere videre til å verte ingeniør, sivilingeniør og til å arbeide innan medisin og forsking. 

for meir informasjon

Avdelingsleiar Profilbilde av Anne Jordalen

Anne Jordalen

Send e-post
Rådgjevar Profilbilde av Hilde-Helen Nieuwejaar

Hilde-Helen Nieuwejaar

Send e-post