Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Service og samferdsel

Er du serviceinnstilt og liker å hjelpe folk? Då kan service og samferdsel vere noko for deg. Du går to år på skule før du held fram som lærling i ei bedrift. Utdanninga fører fram til fagbrev. Du kan òg ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Er du serviceinnstilt? Kunne du tenkje deg å jobbe med kundehandsaming, for eksempel i butikk, på hotell eller som vektar? Då er service og samferdsel noko for deg!

Utdanningsprogrammet fører fram til ei rekkje yrke i eit breitt spekter av servicebransjar.

Vi tilbyr:

  • Vg1 service og samferdsel
  • Vg2 sal, service og tryggleik
Søk skuleplass Meir om service og samferdsel

På service og samferdsel lærer du å yte god service 

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2
Sum timetal per veke: 29 29
Engelsk 2 2
Norsk 2 2
Kroppsøving 2 2
Matte 2 0
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Drift og oppfølgjing 4 0
Kommunikasjon og service 4 0
Planlegging 5 0
Prosjekt til fordjuping 6 4
Markedsføring og sal 0 6
Sikkerheit 0 5
Økonomi og administrasjon 0 5

Første året

_MWF1244.jpg

Vg1 service og samferdsel

Første året får du opplæring i programfaga drift og oppfølging, planlegging og kommunikasjon og service.  I desse faga vil du lære mykje om administrative oppgåver, marknadsføring og økonomi.

Ein dag i veka er alle elevar i arbeidspraksis i faget prosjekt til fordjuping. Då vel du ein arbeidsstad du interesserer deg for og ønskjer å læra meir om.

Skulens faglærarar er engasjert i å gjera elevane godt førebudd til eit seinare arbeid og læretid. Dei har mellom anna stort fokus på å ha eit godt samarbeid med det lokale næringslivet og brukar lokale butikksentre og bedrifter i undervisninga. Dette kjem elevane til nytte i prosjekt til fordjuping og i ekskursjonar og bedriftsbesøk.

Inntakskrav: Norsk grunnskule eller tilsvarande.

Andre året

IMG_1345.jpg

Vg2 salg, service og sikkerheit

Andre året får du opplæring i programfaga sikkerheit, marknadsføring og salg, og økonomi og administrasjon. Du vil lære om budsjett og økonomistyring.

På vg 2 er faget prosjekt til fordjuping organisert med nokre heile veker der elevane er i arbeidspraksis. Elevane er og involverte i driften av butikken på skulen. Butikken er elevanes ansvarsområde og dei sel mellom anna produkt laga av andre elever fra andre utdanningsprogram på skulen.

Inntakskrav: Vg1 service og samferdsel eller tilsvarande.

Kompetanse etter endt vg2: Fullført og greidd opplæring gir grunnlag for å teikne lærekontrakt. Du kan og velje å søkje vg3 påbygging til studiekompetanse.

Tredje året

IMG_0841.jpg

Vg3 påbygg

Etter bestått Vg2 yrkesfag kan du velje å gå ut i to år læretid og få fag/sveinebrev eller byggje på med eit år for å få generell studiekompetanse. Du kan og velje å ta vg3 påbygg etter gjennomført fagbrev. Dersom du har bestått Vg2 yrkesfag og har ungdomsrett har du rettmessig krav på å få gå vidare på Vg3 påbygging ut året du fyller 24 år.
Det er først og fremst for deg som ønskjer å gå vidare med høgare utdanning.

Vg3 påbygg tilbyr vi ved skulestad Sund.

Inntakskrav: Vg2 yrkesfag

Kompetanse: Bestått Vg3 påbygging gir generell eller spesiell studiekompetanse.

vEGEN VIDARE

Etter to år i skule kan du søkje læreplass i godkjente lærebedrifter. Vil du vite korleis du søkjer læreplass, kva bedrifter som er godkjende lærebedrifter eller vil du søkje læreplass kan du bruke lenkjene under. Dei aller fleste av våre elevar får lærlingeplass etter to år på skule.

Om du ikkje vil søkje læreplass etter vg2 kan påbygg til generell studiekompetanse vere eit alternativ. Men ver merksam på at du òg kan søkje dette etter å ha tatt fagbrev. Har du ungdomsrett er påbygg etter fagbrev ein rettighet ut året du fyller 24 år. 

Bli lærling Søk læreplass

For meir informasjon

Avdelingsleiar Profilbilde av Randi Raknes

Randi Raknes

Send e-post 57 30 51 18
Rådgjevar Profilbilde av Reidun Vågenes Aase

Reidun Vågenes Aase

Send e-post 57305106

Velg service- og samferdsel!

Kva yrke fører service- og samferdsel til?