Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Restaurant- og matfag

Restaurant- og matfag er ei yrkesfagleg utdanning. Det er vanleg å gå 2 år på skule og deretter bli lærling i 2 år for å ta fagbrev. Du kan ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Velkomen til restaurant og matfag.
Dette er ein yrkesfagleg utdanning som fører frem til heile 12 ulike fagbrev.
Vi vil gje deg dei grunnleggande ferdigheiter du treng for å jobbe innanfor alle matfaga.
Det første året er felles for alle 12 yrkesfag og så vel du meir fagspesifisert det andre året.
Vi har også fellesfag som norsk, engelsk, naturfag, matematikk og kroppsøving. Matematikk og naturfag er avsluttande fag etter Vg1.

Etter du er ferdig med Vg1 og Vg2 kan du ta 2 år læretid som fører fram til fagbrev eller du kan ta eit år påbygg til studiekompetanse.
Påbygg etter fullførd fagbrev er også ein rett du har.

Kryssløp du kan velje frå Vg1 RM: over til IKT-service, fiske og fangst.

Vi kan tilby:

  • Vg1 restaurant- og matfag
  • Vg2 kokk og servitør
  • Vg1 tilrettelagte grupper restaurant- og matfag
Ungdomsbedrift Kvifor velje RM

Du får mykje praksis på lina

 

 

 

 

 


.

Det første året vil vi lære deg grunnleggjande teknikkar og metodar, lage mange forskjellige og spanande måltid, lære deg oppdekking og servering og mange ulike bakverk. Tre av vekene vil du få all opplæring i bedrift du vel sjølv, og med tett oppfølging av lærar.

Avdelinga jobber også  med felles prosjekt på tvers av nivå  gjennom heile året.

Kokk og servitør Læreplanar RM

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2
Sum timetal per veke: 23 28
Engelsk 3 2
Norsk 2 2
Matte 2 0
Naturfag 2 0
Kroppsøving 2 2
Samfunnsfag 0 2
Kosthald og livsstil 0 0
Råstoff og produksjon 5 0
Prosjekt til fordjupning 3 5
Bransje, fag og miljø 4 0
Kosthald, ernæring og helse 0 4
Råvarer og produksjon 0 7
Service, bransje og miljø 0 4

Første året

_DSC8120.jpg

Vg1 restaurant og matfag

På vg1 restaurant- og matfag lærer du grunnteknikkar med kutting og koking, å lage enkle matrettar, å bake. Dette året arbeider elevane mykje på kjøkken, og har teoriundervisning utanom. Elevane arbeider med mange prosjekt både på skulen og utenom, for eksempel med å arrangere julebord for skulens elevar og ansatte.

Du vil være  mykje ute i praksis i bedrifter i løpet av skuleåret.

Andre året

_DSC8097.jpg

Vg2 kokk og servitør

På vg2 kokk og servitør byggjer du vidare på det du har lært i vg1 restaurant- og matfag. Du vil i prosjekt til fordjupning velje om du vil arbeide som kokk eller som servitør. 

Dersom du fordjuper deg i kokkefaget vil du lære å lage matretter av ulike slag slik at du kan gå ut i lære som kokk. Dersom du ønskjer å fordjupe deg som servitør vil du lære korrekt oppdekking, kundebehandling og riktige serveringsmetoder/teknikkar slik at du vert godt rusta til læreplassar som servitør.

Du vil være mykje ute i praksis i bedrifter i løpet av skuleåret. Du vil og lære å starte opp og drive din eigen  ungdomsbedrift.

Inntakskrav: Greidd vg1 restaurant- og matfag eller tilsvarande.

Kompetanse etter endt vg2: Fullført og greidd opplæring gir grunnlag for å teikne lærekontrakt. Du kan og velje å søkje vg3 påbygging til studiespesialisering.

Vinnere fra SOV -UB 2017

Tredje året

IMG_0841.jpg

Vg3 påbygg

Etter bestått Vg2 yrkesfag kan du velje å gå ut i to år læretid og få fag/sveinebrev eller byggje på med eit år for å få generell studiekompetanse. Du kan og velje å ta vg3 påbygg etter gjennomført fagbrev. Dersom du har bestått Vg2 yrkesfag og har ungdomsrett har du rettmessig krav på å få gå vidare på Vg3 påbygging ut året du fyller 24 år.
Det er først og fremst for deg som ønskjer å gå vidare med høgare utdanning.

Vg3 påbygg tilbyr vi ved skulestad Sund.

Inntakskrav: Vg2 yrkesfag

Kompetanse: Bestått Vg3 påbygging gir generell eller spesiell studiekompetanse.

Vegen vidare

Etter to år i skule kan du søkje læreplass i godkjente lærebedrifter. Vil du vite korleis du søkjer læreplass, kva bedrifter som er godkjende lærebedrifter eller vil du søkje læreplass kan du bruke lenkjene under. Dei aller fleste av våre elevar får lærlingeplass etter to år på skule.

Om du ikkje vil søkje læreplass etter vg2 kan påbygg til generell studiekompetanse vere eit alternativ. Men ver merksam på at du òg kan søkje dette etter å ha tatt fagbrev. Har du ungdomsrett er påbygg etter fagbrev ein rettighet ut året du fyller 24 år.

Bli lærling Søk læreplass

For meir informasjon

Avdelingsleiar Profilbilde av Randi Raknes

Randi Raknes

Send e-post
Rådgjevar Profilbilde av Reidun Vågenes Aase

Reidun Vågenes Aase

Send e-post

Velg restaurant- og matfag!

Kva kan du bli etter restaurant- og matfag?