Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Påbygging til generell studiekompetanse

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse på Vg3. Du kan søke både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg undersøke om skulen tilbyr fag som gir spesiell studiekompetanse.

Etter bestått vg2 yrkesfag kan du velje å gå ut i to år læretid og få fag/sveinebrev eller byggje på med eit år for å få generell studiekompetanse. Dersom du har bestått Vg2 yrkesfag har du rettmessig krav på å få gå vidare på Vg3 påbygging. Det er først og fremst for deg som ønskjer å gå vidare med høgare utdanning. Vg3 påbygg kan du ta både før og etter endt læretid.

Vg3 påbygg tilbyr vi ved skulestad Sund.

Inntakskrav:

Vg2 yrkesfag

Kompetanse:

Bestått Vg3 påbygging gir generell eller spesiell studiekompetanse

Søk skuleplass

Vg3 påbygg er for deg som vil bygge på yrkesfagene

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal Vg3
Sum timetal per uke 28
Norsk 9
Naturfag 3
Matte 5
Historie 5
Kroppsøving 2
Programfag til val 4

vegen vidare

Utdanningsprogrammet fører fram til generell studiekompetanse, som gir deg grunnlag for å søkje dei fleste studiar ved høgskular og universitet.

Utdanning.no Samordna opptak

 

For meir informasjon

Avdelingsleiar Profilbilde av Ingvill Rabben Dypevik

Ingvill Rabben Dypevik

Send e-post 57305108
Rådgjevar Profilbilde av Bente Kalve

Bente Kalve

Send e-post

Sjå film om høgare utdanning