Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bygg- og anleggsteknikk

Bygg- og anleggsteknikk er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vi treng deg, gut eller jente, med pågangsmot, godt humør, kreativitet og arbeidslyst som kunne tenke deg ei utdanning med teori og praktisk arbeid!

Her lærer du å produsere, byggje og vedlikehalde bygningar og anlegg med tilhøyrande tekniske installasjonar.  Utdanningsprogrammet gir deg kvalifikasjoner til eit mangfold praktiske yrke.  Ønskjer du ein kvardag med varierande arbeidsoppgåver i ulike miljø, så er bygg- og anleggsteknikk programområdet for deg.

Vi tilbyr fylgjande utdanningsløp:

> Vg1 bygg og anleggsteknikk
> Vg2 byggteknikk

Dette studietilbodet finn du på skulestad Sund.

Søk skuleplass Meir og bygg- og anleggsteknikk

Bygg og anleggsteknikk på Sotra vgs 

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal VG1 Timetal VG2
Timetal per veke: 29 29
Engelsk 2 2
Kroppsøving 2 2
Matematikk 2 0
Naturfag 2 0
Norsk 2 2
Samfunnsfag 0 3
Produksjon 9 9
Teikning og bransjelære 4 4
Prosjekt til fordjuping 6 7

Første året

_MWF0917.jpg

Vg1 bygg- og anleggsteknikk

Du som vel bygg- og anleggsteknikk, bør ha praktisk sans, vere nøyaktig og ha godt handlag. Du bør vere sjølvstendig, men bør òg kunne arbeide i team, sidan mange bygg- og anleggsprosjekt krev nært samarbeid mellom ulike yrkesgrupper.

Utdanningsprogrammet omfattar produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg med tilhøyrande tekniske installasjonar, der det blir stilt strenge krav til kvalitet og sikkerheit.

Inntakskrav: Norsk grunnskule eller tilsvarande

Læreplan for vg1 bygg- og anleggsteknikk

Andre året

IMG_0883.jpg

Vg2 byggteknikk

På vg2 tek du skrittet vidare i den retning du ynskjer å byggteknikk omfattar produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg. Opplæringa i felles programfag i byggteknikk legg vekt på utforming, produksjon og vedlikehald av konstruksjonar.

 Spennvidda i faga er stor, og det er eit mål å utvikle samarbeid, fagleg forståing og respekt for dei ulike faga. Det betyr at den einskilde møter fleire av krava som stillast til profesjonell yrkesutøvarar. Handverkarar og fagarbeidarar arbeider ut frå teikningar og skal produsere i høve til gjeldande lovar, forskrifter og standardar. Felles programfag for byggteknikk skal syne korleis faget spenner frå tradisjonelt handverk til moderne teknologi.

Opplæringa knyt teori og praksis saman for å utvikle fagleg forståing. Opplæringa skal bidra til eit bevisst val av vidare utdanning fram mot eit framtidig yrke. Det blir lagt vekt på praktisk arbeid og tverrfaglege arbeidsoppgåver.

Inntakskrav:

Greidd vg1 i byggfag- og anleggsteknikk eller tilsvarande.

Kompetanse etter endt vg2: 

Fullført og greidd opplæring gir grunnlag for å teikne lærekontrakt. Du kan og velje å å søkje vg3 påbygging til generell studiekompetanse.

Læreplan for vg2 byggteknikk
Lærlingeplass etter vg2?

Tredje året

_MWF0868.jpg

Vg3 påbygg

Etter bestått Vg2 yrkesfag kan du velje å gå ut i to år læretid og få fag/sveinebrev eller byggje på med eit år for å få generell studiekompetanse. Du kan og velje å ta vg3 påbygg etter gjennomført fagbrev. Dersom du har bestått Vg2 yrkesfag og har ungdomsrett har du rettmessig krav på å få gå vidare på Vg3 påbygging ut året du fyller 24 år.
Det er først og fremst for deg som ønskjer å gå vidare med høgare utdanning.

Vg3 påbygg tilbyr vi ved skulestad Sund.

Inntakskrav: Vg2 yrkesfag

Kompetanse: Bestått Vg3 påbygging gir generell eller spesiell studiekompetanse.

Læreplan for vg3 påbygg

Vegen vidare

 Etter to år i skule kan du søkje læreplass i godkjente lærebedrifter. Vil du vite korleis du søkjer læreplass, kva bedrifter som er godkjende lærebedrifter eller vil du søkje læreplass kan du bruke lenkjene under. Dei aller fleste av våre elevar får lærlingeplass etter to år på skule.

Om du ikkje vil søkje læreplass etter vg2 kan påbygg til generell studiekompetanse vere eit alternativ. Men ver merksam på at du òg kan søkje dette etter å ha tatt fagbrev. Har du ungdomsrett er påbygg etter fagbrev ein rettighet ut året du fyller 24 år.

Søk læreplass Bli lærling

 

FOR MEIR INFORMASJON

Avdelingsleiar Profilbilde av Torstein Telle

Torstein Telle

Send e-post 57305154
Rådgjevar Profilbilde av Bente Kalve

Bente Kalve

Send e-post

Velg bygg- og anleggsteknikk!

Kva slags yrke fører studiet fram til?