Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

For elevar og føresette

Hjå oss på Sotra vidaregåande skule er elevane dei viktigaste i skulemiljøet.  Vi ønskjer å ta vare på kvar og ein. Elevane får tett oppfølging. Ved skulestart får elevane ein samtale med sin kontaktlærar. VG1 har startsamtale der føresette vert invitert, og tilbod om foreldremøte seinare på hausten. Alle nye elever vert kartlagd i fellesfaga matematikk, norsk og engelsk. Kvar elev har krav på tilpassa opplæring etter opplæringslova.

Ta kontakt om det er noko de vil ha mer informasjon om

Organisering av skuleveka

Ein skuletime på Bildøy er 60 minutter og 55 minutter i Sund. 
Skuleskyss og skuledag heng saman.
Skulevekene vil sjå like ut  for klassane. Nokre gonger må vi avvike frå ordinær timeplan for å avvikle heildagsprøver og anna.
For fellesfaga vil det lovfesta timetalet vere gjennomført før eksamensperioden startar. I desse vekene har ikkje elevane fri eller ferie, men dei har eigentid til å forberede seg til eksamen.
Held deg dagleg oppdaterte på klassen sin timeplan.
Les meir om korleis skuledagen er lagt opp
Reglar for PC-bruk

Nye fråværsreglar

Frå 01.08.16 vart det sett i verk nye fråværsreglar i vidaregåande skule. 
Dersom elevar har meir enn 10% udokumentert  fråvære i eit fag vert ikkje halvårsvurdering eller standpunktkarakter sett i faget for skuleåret. 

Les meir om fråværsreglane Spørsmål og svar om fråværsreglane
IMG_0841.jpg

Elevråd

Elevrådet si oppgåve er å representere elevane på skulen i saker som gjeld skulekvardagen.
Er det noko du ikkje er nøgd med på skulen kan du ta saka opp i elevrådet.
Elevråderepresentanten i din klasse kan ta opp saker du og klassen din meiner elevrådet bør ta vidare med rektor.

Vi har eit elevråd på Bildøy og eit elevråd i Sund.

IMG_1351.jpg

ELEVINSPEKTØR

Elevinspektøren skal jobbe for elevane og syte for eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremmer helse, trivsel og læring.

Kontortid Bildøy:
Mandag kl. 09:00-16.30, onsdag partallveker kl. 08.00-15.30
Kontortid Sund: 
Fredag kl. 08.00-15.30, onsdag oddetalveker kl. 08.00-15.30

Profilbilde av Natalia Garcia Benito Valkner

Natalia Garcia Benito Valkner

Send e-post