Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Teknikk og industriell produksjon

Teknikk og industriell produksjon er ei yrkesfagleg utdanning. På VG2 kan du velje mellom mange fagområde. Etter 2 år på skule er det vanleg å søke læreplass for å ta fagbrev. Både før og etter læretida kan du ta påbygging til generell studie-kompetanse.

Kvifor Teknisk og industriell produksjon?

Med fagutdanning innan teknikk og industriell produksjon kan du få ein god og solid arbeidsplass. Du får ei utdanning der du stadig kan tilpasse deg framtidas krav og utfordringar. Med slik utdanning har du også moglegheiter for å få arbeid i andre land.

Me tilbyr: 

Os vidaregåande har 45 plassar på Vg1 TIP fordelt på tre klassar. På Vg2 kan me tilby linjene Kjøretøy  og Arbeidsmaskinar. Vg1 TIP gir deg også mulighet til å gå vidare på Vg2 Anleggsteknikk.

Søk opptak Vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall Vg1 Timetall Vg2
Sum timetall per uke 35 9
Norsk 2 2
Engelsk 3 2
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Kroppsøving 2 2
Dokumentasjon og kvalitet 5 0
Tekniske tenester 5 0
Produksjon 7 0
Prosjekt til fordjuping 6 0
Samfunnsfag 0 3

Første året

_MWF6446.jpg

Vg1 Teknikk- og industriell produksjon

Vg1 Teknikk- og industriell produksjon (TIP) er eit samordna felles Vg1 som gir kompetanse for vidare opplæring i ei rekkje yrke.

Programområdet gir deg innføring i emne som data, teikning, elektro, hydraulikk, pneumatikk, demontering og montering, sammenføyning og bruk av verktøymaskiner. Gjennom skoleåret vil du også delta i interessante prosjektarbeid.

Os vgs veit at god helse og fysisk aktivitet er viktig til et langt og godt yrkesliv. Os vgs kan i skuleåret 17-18 tilby to klasser i programfaga TIP og Byggfag vg1 med tilrettelegging for idrett.

Les meir om idrettstilbodet

Andre året

_MWF6477.jpg

Vg2 Køyretøy

Kurset omfattar motor, motorstyring, bilelektro, drivverk, bremser, understell, fjæring og hjulutrustning, karosseri, ramme og plastutrustning, bransjelære og kundebehandling.

Utviklinga innan bilbransjen har vore stor dei siste åra, både med omsyn til materialar og elektriske komponentar. Elektronikk blir i stadig større grad brukt som styringssystem for dei mekaniske komponentane. Å "mekke bil" er derfor ikkje det det ein gong var. Det vert stilt store krav til den enkelte eleven si innsikt både innan mekaniske fag og elektrofag.

Opptakskrav: Vg1 Teknikk- og industriell produksjon

_DSC4838.jpg

Vg2 Arbeidsmaskinar

Har du interesse for mekanikk, hydraulikk og elektronikk og ønsker å jobbe med store maskiner kan du starte utdanninga på Vg2 Arbeidsmaskinar. Vidare kan du bli spesialisert som reparatør på enten landbruksmaskinar eller anleggsmaskinar.

Opptakskrav: Vg1 Teknikk- og industriell produksjon

 

Tredje året

_MWF6353.jpg

Vg3 Anleggsmaskinmekanikar

Som anleggsmaskinmekanikar blir du spesialisert på masseforflytningsmaskiner som nyttast på anlegg- og byggeplassar. Kvart år må anleggsmaskiner til kontroll og det er berre anleggsmaskinmekanikarar som får lov til å ta denne kontrollen.

På Os vgs får du opplæring i feilsøking og diagnose, reparasjon og vedlikehald og dokumentasjon og kvalitet.

Vg3 Anleggsmaskinmekanikar er landslinje og derfor kan elevar frå heile landet søke på Os vgs. Det inneber i tillegg at elevane får jobbe med større og nyare maskinar.

Opptakskrav: Vg2 Arbeidsmaskinar

_MWF6346.jpg

vegen vidare:

Etter fullført Vg2 kan du enten gå vidare på påbygging til generell studiekompetanse eller gå ut i lære. Læretida varer i 2 år og du vil få lønn av arbeidsgivar. Etter endt læretid kan du gå opp til fagprøven og få fagbrev.

Bli lærling Søk påbygging til generell studiekompetanse