Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Service og samferdsel

Er du serviceinnstilt og liker å hjelpe folk? Då kan service og samferdsel vere noko for deg. Du går to år på skule før du held fram som lærling i ei bedrift. Utdanninga fører fram til fagbrev. Du kan òg ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor Service og samferdsel? 

Vg1 Service og Samferdsel er ei trygg og allsidig utdanning som opnar for mange spanande karrieremoglegheiter. Service og samferdsel gir deg ein smakebit på åtte forskjellige yrker der kommunikasjon står i høgsetet. 

Me tilbyr: 

Vg1 Service og samferdsel gir deg mulighet til å gå vidare på Reiseliv, IKT-servicefag, Sal, service og tryggleik, samt Transport og logistikk. Os vgs tilbyr Sal, service og tryggleik og Transport og logistikk på Vg2.

Søk opptak Vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall Vg1 Timetall Vg2
Sum timetall per uke 35 9
Norsk 2 2
Engelsk 3 2
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Kroppsøving 2 2
Planlegging 6 0
Drift og oppfølging 6 0
Kommunikasjon og service 5 0
Prosjekt til fordjuping 6 0

Første året

_MWF6401.jpg

Vg1 Service- og samferdsel

Vg1 Service- og samferdsel gir deg eit innblikk i mange ulike disiplinar og gir deg mange moglegheiter på Vg2.  Dersom du vil studera Reiseliv, Transport og logistikk, Sal og service IKT eller Kontor og administrasjon, er Service og samferdsel noko for deg.  Du lærer korleis du skal planlegga ei bedrift, korleis du skal drifta den kommunikasjon og service. På Os vgs har me elevbedrifter som me driver. Me har også utplassering i bedrift ei veke haust og to veker vår. 

Andre året

Service og samferdsel.jpg

Vg2 Sal, service og tryggleik

På denne linja er det mykje praksis. Du er ute i praksis ein dag i veka frå haustferien og fram til påskeferien. Du vel sjølv praksisplass innanfor det/dei felta du har interesse for. Dette gir nyttig kunnskap på ein konkret måte. Ein praksisplass kan bli ein framtidig læreplass/arbeidsplass.

På denne linja jobbar me på mange ulike måtar: 

  • Individuelt arbeid
  • Gruppearbeid
  • Prosjektarbeid
  • Praksis

Du får god opplæring innan IKT. Datamaskina er eit verktøy me brukar mykje til ulike oppgåver, blant anna til presentasjonar og brosjyrar.

Opptakskrav: Vg1 Service og samferdsel.

_DSC4939.jpg

Vg2 Transport og logistikk

På Os vgs får du ei utdanning som opnar mange vegar innan transport og logistikk. Du får allsidig utdanning og brei kunnskap innan terminalarbeid, persontransport, godstransport, kundebehandling og allmennfag.

Du kan få kompetansebevis på ADR(transport av farleg gods) og truckførarbevis. I tillegg vil du få praktisk opplæring i godsbehandling på lager, førstehjelp og brannslukking, teorikurs klasse B. Du får kr. 10.000,- i støtte til obligatorisk opplæring for førarkortet i klasse B (mot kvittering frå kjøreskole). Skulen har 6 truckar som vert nytta i praksisundervisninga, eigen lagerhall og stort uteområde.

I prosjekt og fordjupning frå haustferien til vinterferien er du utplassert to dagar i ei relevant transport- og/eller logistikkbedrift. Utplasseringa gir deg eit nyttig innblikk i livet og gode erfaringar å ta med vidare både i skulearbeidet og seinare i arbeidslivet.

Opptakskrav: Vg1 Service og samferdsel og Vg1 Teknikk- og industriell produksjon

 

Tredje året

_MWF6507.jpg

Vg3 Yrkessjåfør på tunge kjøretøy

Os vgs tilbyr ei komplett yrkessjåføropplæring. Skulen har landslinje for yrkessjåfør og har 6 lastebilar, tilhengarar og ein buss. Vg3 Yrkessjåfør gir gratis opplæring til førarkort i tunge klasser til lastebil, buss og vogntog. Landslinje betyr at du kan søkje plass hos Os vgs uansett kvar i landet du bur. Os vgs gir gratis opplæring og du betaler kun for lærebøker og gebyrer. Kurset varar i 19 veker og gir deg kompetansebevis ved gjennomført kurs.

Meir om Vg3 Yrkessjåfør

vegen vidare:

Etter fullført Vg2 kan du enten gå vidare på påbygging til generell studiekompetanse eller gå ut i lære. Læretida varer i 2 år og du vil få lønn av arbeidsgivar. Etter endt læretid kan du gå opp til fagprøven og få fagbrev.

Bli lærling Bli lærling i yrkessjåfør Søk påbygging til generell studiekompetanse