Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning. Utdanninga kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel. Det er òg mogleg å ta påbygg til generell studiekompetanse.

Kvifor Helse- og oppvekstfag?

Dette er inngangsporten til mange spanande jobbar i helse- og sosialsektoren! Det gir deg ti meiningsfylte yrker å velje mellom. 

Når du har fullført HO kan du velje mellom heile sju forskjellige linjer.

Me tilbyr: 

Helse- og Oppvekstseksjonen ved Os vidaregåande skule har to Vg1 klassar.  På Vg2 tilbyr me tre studieretningar: 

  • Barne- og ungdomsarbeidar
  • Helsefagarbeidar
  • Ambulansefag
Søk opptak Vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall Vg1 Timetall Vg2
Sum timetall per uke 35 35
Norsk 2 2
Engelsk 3 2
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Kroppsøving 2 2
Felles programfag 17 17
Prosjekt til fordjupning 6 9

Første året

_MG_8319.jpg

Vg1 Helse- og oppvekstfag

Opplæringa skal gjere elevane skikka til å yte god service og skal gi eit grunnlag for arbeid med menneske i alle livssituasjonar. Opplæringa skal være praksisnær og tverrfaglig og knyte teori og praksis saman.

Andre året

barne-og ungdom.jpg

Vg2 Barne- og ungdomsarbeidar

 Likar du å arbeide med barn?  Ta  fagbrev som barne– og  ungdomsarbeidar!

På Barne- og ungdomsarbeidar lærer  du å arbeide med barn og ungdom i  f.eks. SFO, barnehage, skole,  ungdomsklubber. Her lærer du  mellom anna om helsefremjande  arbeid og korleis du kan kommunisera  med ungdom på ein god måte.

 Inntakskrav: Vg1 Helse- og sosialfag

_MG_8298.jpg

Vg2 Helsefagarbeidar

 Helsefagarbeidaren må like å jobbe  med menneske i ulike situasjonar.  Arbeidet krev gode kunnskapar om  førebygging, behandling, pleie og  etikk. Kommunikasjon og  samhandling med pasientar, klientar,  pårørande og kollega er en  føresetnad for å kunne fungere i  yrket.

 På Helsefagarbeidar jobber me ein  god del praktisk. Me har ulike  prosjekt, individuelt arbeid, praktiske  opplegg i klassen og nokre  ekskursjonar. I tillegg blir elevene  utplassert i praksis i periodar.

 Inntakskrav: Vg1 Helse- og sosialfag

_MG_8357.jpg

Vg2 Ambulansefag

Ambulanselinja på Os vgs er ei regionslinje for Hordaland. Me er dei einaste i fylket som tilbyr denne linja. 

Ambulansepersonell er ofte pasienten sitt første møte med helsevesenet i ein skadesituasjon. Gjennom denne utdanninga blir du ein del av helsevesenet si akuttmedisinske beredskap og må kunne ta hand om alvorleg sjuke og skadde pasientar. Ambulansepersonell arbeider ofte sjølvstendig og må fatte raske slutningar. Kvardagen er ofte samansett av dramatikk, rutineoppdrag og krav til omsorg og samarbeidsevne.

Det vert lagt opp til bruk av skulen si ambulanse, kurs for andre elevar og utplassering i praksis.

For å komme inn på ambulansefaget må du oppfylle dei fysiske krava.

Inntakskrav: Vg1 Helse- og sosialfag
Fysiske krav til lærling

_MG_8303.jpg

Klassar med redusert elevtal

I klassane med redusert elevtal legger me vekt på kvardagslivstrening, sosial trening og oppøving mot større sjølvstende.

Opplæringa er tilpassa den einskilde elev og det vil bli arbeidd individuelle opplæringsplanar for kvar elev. Skulen har eit friluftsprosjekt, der ein i løpet av året gjennomfører ulike turar - også med overnatting. Opplegget er praktisk retta, og let seg kombinere med arbeidslivstrening i nærmiljøet.

Vegen vidare:

Etter fullført Vg2 kan du enten gå vidare på påbygging til generell studiekompetanse eller gå ut i lære. Læretida varer i 2 år og du vil få lønn av arbeidsgivar. Etter endt læretid kan du gå opp til fagprøven og få fagbrev.

Bli lærling Søk påbygging til generell studiekompetanse Fysiske krav til lærling på ambulansefag