Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bygg- og anleggsteknikk

Bygg- og anleggsteknikk er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor byggfag? 

Er du ein av dei som likar å jobba praktisk og likar å bygga og skapa noko? Drømmer du om å bli snekrar, tømrar, anleggsmaskinførar, røyrleggar, malar eller murar? Vg1 Byggfag gir deg ei veldig brei grunnutdanning slik at du har mange moglegheiter på Vg2.  

Me tilbyr:

På Os vidaregåande har me tre klassar på Vg1 Bygg- og anleggsteknikk. 

På Vg2 tilbyr me Vg2 Anleggsteknikk og Vg2 Byggteknikk.

Søk opptak Vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall Vg1 Timetall Vg2
Sum timetall per uke 35 9
Norsk 2 2
Engelsk 3 2
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Kroppsøving 2 2
Produksjon 12 0
Teikning og bransjelære 5 0
Produksjon til fordjupning 6 0

Første året

_MWF6419.jpg

Vg1 Bygg- og anleggsteknikk

Har du praktisk sans, nøyaktighet og har godt handlag er bygg- og anleggsteknikk eit godt val. Hos oss får du være sjølvstendig og moglegheit til å arbeide i team, då mange bygge- og anleggsprosjekt har nært samarbeid mellom ulike yrkesgrupper.

Utdanningsprogrammet omfattar produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg med tilhøyrande tekniske installasjonar, der det vert stilt strenge krav til kvalitet og tryggleik.

Os vgs veit at god helse og fysisk aktivitet er viktig til et langt og godt yrkesliv. Os vgs kan i skuleåret 17-18 tilby to klasser i programfaga TIP og Byggfag vg1 med tilrettelegging for idrett.

Les meir om idrettstilbodet

Andre året

_MWF6416.jpg

Vg2 Byggteknikk

På Vg2 Byggteknikk får du større innsikt i dei byggtekniske faga.

Etter fullført byggteknikk kan du få lærlingplass innan betongfaget, murarfaget, stillasbyggarfaget eller tømrarfaget.

Opptakskrav: Vg1 Bygg- og anleggsteknikk. Kurset gir også grunnlag for å søkje Allmenn påbygg.

 

_MWF6340.jpg

Vg2 Anleggsteknikk

Denne linja er ei landslinje og Os vgs har difor elevar frå heile landet. Linja gjer deg egna til å bli lærling som i anleggsmaskinførarfaget, asfaltfaget, banemontørfaget, fjellarbeidarfaget eller vei- og anleggsfaget. 

Opptakskrava til Vg2 Anleggsteknikk er Vg1 Bygg- og anleggsteknikk eller Vg1 Teknikk- og industriell produksjon (TIP). 

VEGEN VIDARE

Etter fullført Vg2 kan du enten gå vidare på påbygging til generell studiekompetanse eller gå ut i lære. Læretida varer i 2 år og du vil få lønn av arbeidsgivar. Etter endt læretid kan du gå opp til fagprøven og få fagbrev.

Søk påbygging til generell studiekompetanse Bli lærling