Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helse og miljø

Av og til er det greit å ha nokon som lyttar. Helsesøter har teieplikt, og avtalte møte gjev ikkje fråvær. Her finn du og info om OT/PPT.

Helsesøster

Janniche Rogde ny.jpg

Helsesøstra på Os vidaregåande skule heiter Janniche Rogde. Ho er til stades kvar måndag, tysdag, onsdag og fredag. Om du vil snakke med ho, kan du ta kontakt i resepsjonen eller sende SMS.

Skulehelsetenesta driv ikkje behandling, men gir råd og rettleiing. Er det behov kan vi hjelpe deg vidare i systemet.

Aktuelle tema kan vere:

  • Alkohol, tobakk, stoff
  • Du er trist eller lei
  • Spørsmål som gjeld helsa di
  • Soveproblem
  • Seksualitet og prevensjon
  • Kosthald

Helsesøster samarbeidar med elevens samtykke, med foreldre / føresette, lærarar, rådgjevarar, lege, psykolog, fysioterapeut, barnevern, PPT osv.

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom i Os er på Rådhuset i sentrum, og der kan du treffe skulelegen.

Stad: 2. etasje rådhuset, inngang B.

Helsestasjonen er open tysdagar mellom kl. 14.30 og kl. 16.30. Det er ikkje timebestilling. Tilbodet er gratis.

Du kan mellom anna få hjelp med prevensjon, samlivsspørsmål og behandling av kjønnssjukdomar.

Vi oppfordrar alle elevar som bur på hybel i Os om å få seg fastlege i Os.

OT/PPT

Vi har ei fylkeskommunal oppfølgingsteneste som skal følgje opp elevar som har skulerett, men som ikkje har søkt, tatt imot opplæringsplass eller møtt opp til vidaregåande opplæring.

Ungdom som avsluttar opplæringa før dei har brukt opp retten sin, vert også omfatta av tenesta.

OT/PPT kan hjelpe deg dersom du:

  • Er mellom 16 og 24 år med opplæringsrett
  • Er elev i vidaregåande skule
  • Er lærling eller lærekandidat