Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Safe Internet for all

Os vidaregåande skole satsar på internasjonalisering, og har no blitt med i internasjonaliseringsprosjektet "Safe Internet for all" (SIFA).

Prosjektet har fokus på å gjere skulen og lokalsamfunnet kjent med fare og moglege negative konsekvensar ved bruk av Internett. Prosjektet skal informere og hjelpe elevar og lærarar å takle eventuelle negative konsekvensar. Målet er, ved hjelp av prosjektaktiviteter, å skape medvit om trygg og etisk nettbruk.

Føremålet med prosjektet er at skulane skal utvikle retningslinjer for trygg bruk av Internett, førebygge negative helsemessige konsekvensar av nettbruk og lære opp elevane i digitale ferdigheiter som kritisk kildebruk og opphavsrett.

Prosjektet består av fem skular fra fem ulike land. I tillegg til Os vidaregåande skule er det skular fra Hellas, Austerrike, Polen og Sverige med i prosjektet. Prosjektet går over to skuleår, og inneheld blant anna ei vekes samling med elevar i kvart av prosjektlanda.

Midla til prosjektet kjem frå Erasmus+, som er EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett for perioden 2014-2020. Det er Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU), som har ansvaret for tildelinga lokalt.

Os vidaregåande ser fram til et spanande og lærerikt prosjekt.

Link til SIFA sine sider