Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevtenester

Her finn du informasjon om IKT, rådgjevarar, kantine, hybel, elevråd og lån og stipend.

Elevrådet

elevrådet.png

Vi har 32 klassar i år, og dei 32 tillitsvalde utgjer elevrådet ved skulen. Elevrådet skal ta seg av oppgåver som har med arbeidsforholda og velferdsinteressene til elevane å gjere. Det skal hjelpe til med å skape gode forhold og trivsel på skulen. 

Elevrådet representerer elevane overfor rektor og andre som bestemmer på skulen. Er det noko du ikkje er nøgd med på skulen, kan du ta det opp i elevrådet.

Eigenmelding om fråvær for elevar

Har du vert vekke frå skulen skal det leverast eigenmelding. Skjemaet skal leverast til kontaktlærar innan 3 dagar, etter at du er tilbake.

Elevundersøkinga

Føremålet med brukarundersøkingane frå Utdanningsdirektoratet er at elevar skal få seie si meining om læring og trivsel på skolen.

Rådgjevarar

Vi kan hjelpe deg med følgjande:

  • Kor du kan utdanne deg
  • Kva du kan utdanne deg i
  • Informasjon om tilbod og krav frå  skular
  • Korleis du kan studere utanlands
  • Korleis du kan skrive ein søknad
  • Tilrettelegging om kvardagen er tung

Hos rådgivarane får du personleg rettleiing som gjer skulegangen enklare.

Du finn oss i 2. etg. i A-blokka.

Elevinspektør Profilbilde av Harald Natvik

Harald Natvik

Send e-post 57307314
Rådgjevar Profilbilde av Ingrid Lund Eide

Ingrid Lund Eide

Send e-post 57307315
Rådgjevar Profilbilde av Einar Nystad

Einar Nystad

Send e-post 57307316
tastatur_web.jpg

Datahjelp

IKT-kontoret ligg i A-blokka, ved kantina. Her kan du få veiledning til dataen din.

Treng du brukarnamn og passord?

Meir om elev-pc
Kantinedama artikkel.jpg

Kantine

Skulen har open kantine, kvar dag mellom kl. 08.00 og kl. 14.30. Her finn du mykje variasjonar mellom smurte bagettar, salatar, varmmat og drikke. 

_MWF6365.jpg

Bibliotek

Biblioteket vårt ligger i første etasje like ved kantina. Som moderne bibliotek fyller det mange fleire funksjonar enn utlån av bøker. Her finner du datamaskinar du kan bruka til å finna informasjon, ein stille plass å jobba, eller ein roleg plass å vera i friminutta. Du finn sjølvsagt også ymse tidsskrift, fagblad og bøker.

 

Hybel

Er du på jakt etter hybel eller har du en ledig hybel til leige? Då anbefalast du å sjekke ut facebook sidene «Finn Os» (kjøp, slag, bytte, leige… og Oppslagstavla i Os.

Annonse for hybler finn du og på nettsidene under.

Lån og stipend

Du kan søke stipend hos Lånekassen. Sjølv om du ikkje har ungdomsrett kan du søke om lån og få omgjort noko til stipend etter bestått eksamen. Du kan søke stipend snarast etter opptak.