Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Lån og stipend

 Er du elev og har ungdomsrett, kan du få  utstyrsstipend frå Lånekassen. Du får stipendet uavhengig av kor mykje foreldra dine tener.    

 Hugs at du må søkja om stipendet for å få det utbetalt. Når du søkjer, sjekkar Lånekassen automatisk om du har rett til andre stipend også, som for eksempel grunnstipend eller bustipend.

Når kan eg søkja ?

Du må takka ja til skuleplass før du kan søkja om stipend og/eller lån. Du kan ikkje søkja dersom du står på ventelisteplass, du må venta til du har takka endeleg ja til ein skuleplass.

Når du har fått opptak, søkjer du om stipend på lanekassen.no eller vigo.no.  Bruk søknaden for vidaregåande opplæring. Lærlingar får ikkje utstyrsstipend, men kan ha rett til lån og andre stipend.

Korleis får eg pengane?

Du loggar inn og sjekkar resultatet av søknaden på Dine sider på lanekassen.no. Når søknaden er behandla, kjem stipendmeldinga/gjeldsbrevet heim til deg i posten. Om du er under 18 år, er det føresette som får tilsendt brevet. Ingen får utbetalt pengar før skulen har starta. For å få pengane til kontoen din må du og føresette skriva under på brevet (stipendmeldinga/gjeldsbrevet) og senda det tilbake til Lånekassen. Ein kan og velje å signere elektronisk med MinId.