Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Ut i verda

Os gymnas har fleire internasjonale aktivitetar, både studieturar, Comenius og Moldova-prosjekt.

Studieturar i framandspråk:

Dei siste skuleåra har det vore gjennomført studieturar til Nice i Frankrike med franskgruppa i Vg2, og og med spanskklassar til Barcelona og Madrid. Det vert òg planlagt ein liknande studietur for tyskgruppa. Elevane er utplasserte i vertsfamiliar og har undervisning på språkskule på dagtid.

Comenius:

Os gymnas har delteke i Comenius-prosjektet «Neobiota - globalisation among animals and plants and how to deal with it» frå 2013-2015. I samband med prosjektet har det vore gjennomført prosjektturar til partnarskulane i Latvia, Tyskland, Polen, Italia, Nederland og Austerrike. I april 2014 var Os gymnas vertskap for partnarlanda.

Meir om Comeniusprosjektet

Erasmus+:

Os gymnas har søkt deltaking i eit Erasmus+ prosjekt. Dersom søknaden blir innvilga, vil vi frå august 2015 til august 2017 delta i eit prosjekt om epidemiar.

Moldova:

Elevrådet ved Os gymnas har valt «Hjelp Moldova» som sitt solidaritetsprosjekt. Elevane jobbar da ein dag for å samle inn pengar til «Hjelp Moldova» sitt arbeid i det fattigaste landet i Europa. I samband med dette arbeidet reiser kvart år to elevar frå elevrådet til Moldova for å sjå kva pengane har blitt brukt til, og kva som er dei neste prosjekta. I ettertid har dei ansvar for å fortelja frå turen og om prosjektet.