Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevtenester

Her finn du informasjon om inspektørar, rådgjevar, IT-kontor, bibliotek, elevråd og andre elevtenester.

Inspektørar

Studieinspektøren har ansvar for klasselister, gruppelister, vitnemål etc. Studieinspektøren administrerer elevane sine fagval og ser til at dei fagkombinasjonane elevane vel, er i samsvar med reglar for føring av vitnemål. Studieinspektøren er óg avdelingsleiar for realfag.

 

Elevinspektøren er bindeleddet mellom elevane og leiinga ved skulen. Elevinspektøren har faste møte med elevrådet og ser til at elevane sine innspel både fagleg og sosialt vert tekne hand om. Elevinspektøren har ansvar for MOT- verksemda til skulen og  sit som leiar for skulen sitt ressursteam.

Studieinspektør/avdelingsleiar Profilbilde av Rune Rosland

Rune Rosland

Send e-post
Elevinspektør Profilbilde av Hilde Paaske-Knauer

Hilde Paaske-Knauer

Send e-post

Rådgjevar

Rådgjevaren arbeider med dei sosialpedagogiske oppgåvene ved skulen. Rådgjevarens hovudoppgåve er å gi elevane rettleiing og råd, blant anna i forbindelse med:

  • yrkesorientering og høgare utdanning
  • utfylling av stipend og lånesøknader
  • personlege og sosiale vanskar som har betyding for skulearbeidet
  • utvekslingsår

Du kan oppsøkja rådgjevaren i kontortida , eller avtala tid for nærmare samtale. Rådgjevaren har teieplikt.

Rådgjevar Profilbilde av Terje Bøthun

Terje Bøthun

Send e-post
support.jpg

IKT

Skulen har ein eigen støttefunksjon som tilbyr ulike former for datahjelp. Treng du hjelp med datamaskina, kan du kontakta skulens IKT-konsulent.  IKT-konsulenten har kontor ved biblioteket og har normalt kontortid frå kl. 08:00 til 15:30.

IKT-konsulent Profilbilde av Anders Nesbø Prestegard

Anders Nesbø Prestegard

Send e-post

 

Hjelp til IKT
helsesoster-annika.jpg

 Helsesøster

Helsesøster på skulen vår heiter Annika Andersland. Ho kan hjelpe deg med både psykiske og fysiske vanskar. Kontoret hennar ligg ved sida av kinosalen.

Meir om helsesøster
elevrådet.jpg

Elevrådet og ulike komitear 

 Elevrådet har i regelen møte minst ein gong i månaden. Då møtest dei på elevrådskontoret og drøftar viktige saker og fattar vedtak.                                      

Elevrådet Ulike komitear

                        

                                 

bibliotek.jpg

Biblioteket 

Skulebiblioteket vårt ligg i første etasje, ved sida av kantina. Biblioteket er ope frå 08:00 til 15:30 

Det er lov å vera på biblioteket uten å gjera skulearbeid! Du kan sitja og prata, spela spel eller surfa på nettet.

Skulebibliotek
kantine.jpg

Kantina  

Kantina ligg i første etasje ved elevgarderobane og er open frå  09:00 til 12:15.

Kantina tilbyr både varm- og kaldrettar. 

Kantineansvarleg Profilbilde av Sunee Koubkum

Sunee Koubkum

Send e-post