Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Tilrettelagte grupper

Vi tilbyr opplæring i tilrettelagte grupper for elevar som har behov for det. Gruppene er knytt opp mot eit utdanningsprogram. Opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført i staden for eit vitnemål.

Vi tilbyr

Opplæringa er tilrettelagt for elevar med store hjelpebehov. Målet er å trene elevane til å meistre ein framtidig tilrettelagt arbeids-, bu- og fritidssituasjon.

Tilbudet er knytt opp til desse faga:

Kvar elev får si individuelle opplæringsplan. Vurderinga av elevane blir gjort opp mot måla i denne planen og den sakkunnige vurderinga.

Ønskjer du å søkje opptak? Ta kontakt med ein av oss nedst på sida!

Søknad om spesialundervisning

Individuell vurdering

For nokre elevar vil det vere aktuelt å bli utplassert i tilrettelagt arbeid på ein ordinær arbeidsplass eller ei vekstbedrift. For andre, som til dømes skal ha ein plass på eit dagsenter etter avslutta vidaregåande opplæring, kan det vere aktuelt å trene på daglege gjeremål på skulen.

I arbeidstreningsgruppene får elevane grunnleggjande praktisk opplæring som førebur dei til framtidig arbeid. I tillegg får dei tilrettelagt opplæring i sentrale allmennfag.

Fylkeskommunen gjer avtaler med vekstbedriftene om kartlegging av arbeidsevne og hospitering/utprøving for elevar i desse gruppene. Skolane og OT/PPT har eit forpliktande samarbeid med NAV-kontorene om overgangen frå skule til arbeidsliv/dagsenter.

Vegen vidare

Som elev ved tilbodet i arbeids- eller kvardagslivstreningsklassane vil ein ved nokre høve ha behov for ekstra tid til å fullføre måla i IOP. En kan søkje om utvida tid i intill 5 år dersom dette er naudsynt. Det kan ofte være ei stor overgang å bu for seg sjølv i eigen bustad og gå til fast arbeid.  Dette trenar vi på i skuletida og prøver å ha klargjort arbeidsplass når skuletida er over.

Kontakt oss

Avdelingsleiar tilpassa opplæring Profilbilde av Geir Rønningen

Geir Rønningen

Send e-post
Sosialrådgjevar Profilbilde av Bergfinn Kvalnes

Bergfinn Kvalnes

Send e-post