Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Teknikk og industriell produksjon

Teknikk og industriell produksjon er ei yrkesfagleg utdanning. På VG2 kan du velje mellom mange fagområde. Etter 2 år på skule er det vanleg å søke læreplass for å ta fagbrev. Både før og etter læretida kan du ta påbygging til generell studie-kompetanse.

Vi tilbyr

Odda vidaregåande skule har lang tradisjon med opplæring innan industrifag. Industrien i vår region har hor stort behov for å rekruttera lærlingar til dei ulike retningane me tilbyr. Vi har godt utstyrte lokaler og dyktige lærarar med mykje erfaring frå ulike industriar

Hos oss kan du søkja:

  • Vg1 Teknikk og industriell produksjon
  • Vg2 Industriteknologi
  • Vg2 Kjøretøy
  • Vg2 Kjemi- og prosessfag
Søk opptak

Kvifor velja TIP?

Er du ein person som har interesse av å arbeida med teknologisk utstyr i jobben din, kan programområdet TIP vera det programmet som høver for deg. 

Eit fagbrev innan eit av TIP-faga  gjev deg gode moglegheiter for jobb i vår region og elles i landet. Det gjev deg og høve til å utdanna deg vidare til dømes med teknisk fagskule eller ingeniørskule.

Kryssløp til Vg2 Smedfag

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2
Sum timetall per uke 35 35
Norsk 2 2
Engelsk 3 2
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Kroppsøving 2 2
Felles programfag 17 17
Prosjekt til fordjuping 6 9

Første året

_MWF7817.jpg

Vg1 Teknikk- og industriell produksjon

Ynskjer du å arbeide med teknikk og mekanikk? Er du interessert i maskiner og køyretøy? Du bør ha praktisk sans, vera nøyaktig, ha godt handlag og kunne arbeide sjølvstendig og i team.

Teknikk og industriell produksjon (TIP) er felles basisutdanning for mange yrke med arbeidsplassar i industriverksemder, på skip, i installasjonar for produksjon av olje og gass, i små og store verksemder og alle typar kjøretøy og anleggsmaskiner.

Gjennom ei praktisk, variert og teknisk grunnopplæring får du ei brei plattform for vidare yrkesval.

Omlag 70 % av timane i felles programfag arbeider du på verkstaden. Hovudområda i programfaga er:

  • Produksjon og tekniske tenester
  • Dokumentasjonsarbeid
  • Industri verksemd og maritime arbeidsplassar.

Andre året

_DSC2652.jpg

Vg2 Køyretøy

Bilfaget lette køyretøy har fire viktige arbeidsområder:

Systemforståing, feilsøking og diagnostisering på køyretøyet sitt mekaniske, elektriske og elektroniske system. Vidare omfattar det bruk av verkty og instrument. Innhenting og tolking av opplysningar om køyretøyet sitt system inngår og.

Service og vedlikehold og gjeldande forskrifter for køyretøy. Val og bruk av verkty, utstyr og instrument inngår i hovedområdet. Vidare omfatter det bruk av dokumentasjon i samband med planlegging, gjennomføring og kvalitetssikring av arbeid.

Reparasjon og utskifting av delar på køyretøyet sitt mekaniske, hydrauliske, elektriske og elektroniske systemer. Vidare omfatter det reparasjon etter gjeldende lover og forskrifter.

Kommunikasjon med kunder, kollegaer og samarbeidspartnarar. Vidare inkluderer hovudområdet digitale kommunikasjonsverktøy, helse, miljø og sikring og kvalitetssystemer. Kostnadsforståing inngår i hovedområdet.

_DSC2796.jpg

Vg2 Industriteknologi

Programfaga i industriteknologi skal gje deg fagkompetanse som tilfredsstiller krav til høg teknisk standardisering, arbeidsprosedyrar og dokumentasjon. Samstundes skal det hjelpa til at mekaniske arbeidsplassar vert sikra og vidareutvikla.

Programmet skal vidareutvikla den faglege og sosiale kompetansen sett i høve til ei heilskapleg samfunnsutvikling. Det vert lagt vekt på at du skal tileigna deg krava til kvalitetsbevisst arbeid gjennom bruk av teknologiske hjelpemiddel, prosedyrar, dokumentasjonar og  teikningar. Programfaga skal fremja evne til å arbeida sjølvstendig, tenkja kreativt, vera ansvarsbevisste, reflekterande og miljøbeviste.

I opplæringa vert det lagt vekt på å forstå tryggleik og kjennskap til internasjonale standardar og retningsliner. Det vert det stilt krav til profesjonell yrkesutøving og økonomisk forståing. Eit viktig perspektiv i opplæringa er utvikling av lojale og stolte fagarbeidarar som viser respekt for menneskje, heilskapleg forståing av miljø, maskinar og utstyr.

_DSC2890.jpg

Vg2 Kjemi- og  prosessfag

Programfaga i kjemi- og prosessfaget skal gje deg ei praktisk og variert opplæring innan kjemiske og metallurgiske
produksjonsmetodar. Gjennom programfaget vil du få utvida prosessforståing, kostnads- og miljøforståing og i tillegg kritisk vurderingsevne og evne til problemløysning.

Praktisk arbeid saman med andre vil stimulera til respekt, toleranse, likeverd, samarbeid og kommunikasjon.

Opplæringa tek sikte på at du skal læra å arbeida sjølvstendig etter prosedyrar og standardar, få ei positiv haldning til HMT- arbeid, rapportera feil og avvik og få ei god oppleving av toleranse, menneskeverd og arbeidsmoral. Opplæringa skal gje elevane praktiske dugleikar ved hjelp av forsøk, arbeid i verkstad, laboratorium og prosesshall.

Vegen vidare

Etter 2 år på skule kan du velja å gå ut i lære eller ta påbygging til generell studiekompetanse (Vg3).

Ta kontakt

Avdelingsleiar Profilbilde av John Opdal

John Opdal

Send e-post
Fagansvarleg Profilbilde av Lars Arne Stenberg

Lars Arne Stenberg

Send e-post