Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Innføringskurs for minoritetsspråklege

Skal du ta vidaregåande utdanning, men må bli betre i norsk først? Då kan innføringskurs for minoritetsspråklege vere eit alternativ for deg. I kurset lærer du norsk og andre fag som gjer det lettare å starte på vidaregåande skule året etter. Kurset gir ingen formell kompetanse utover dette.

Kan eg søkje?

For deg med mangelfulle kunnskapar i norsk, har vi tilbod om innføringsklasse. Du nyttar difor ikkje av opplæringsretten. Dette skal styrke motivasjonen til å gjennomføre innføringsklassen før du søkjer ordinær vidaregåande opplæring.

For å søkje må du være fylt 16 år, og ha grunnopplæring frå heimlandet som svarer til norsk grunnskule.

Når du har tatt kurset, som i stor grad fokuserer på norsk, kan du søkje Vg1 året etter.

Korleis søkjer eg?

Du kan søkje plass på internettsida vigo.no. Brukarnamn og passord får du i MinID. 

Om du har mista MinID kan du ringe 800 30 300 eller sende e-post til brukerstotte@difi.no for å få ny.

Har du ikkje MinID, kan du sende søknad direkte til Opplæringsavdelinga.

Søk innføringskurs Meir informasjon

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal Vg1
Sum timetal per uke 30
Norsk 10
Samfunnsfag 6
Engelsk 4
Matematikk 4
Naturfag 4
Kroppsøving 2

Kontakt oss

Avdelingsleiar Profilbilde av Jane Merete Myhre

Jane Merete Myhre

Send e-post