Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Idrettsfag

Idrettsfag tilbyr idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet på alle nivå. Du kan velje toppidrett og satse på idretten din, eller velje breiddeidrett og eit meir allsidig aktivitetstilbod. Samstundes får du generell studiekompetanse.

Vi tilbyr

Idrettsfag kombinerer teoretisk utdanning med idrett og trening/ toppidrettssatsing. Vi kan tilby eit breitt utval av idrettar og aktivitetar som saman med obligatoriske, allmenne fag, gjev deg generell studiekompetanse og ei allsidig idrettsutdanning.

Idrettsfag gjev såleis talentfulle utøvarar høve til å kombinera teoretisk utdanning og idrettssatsing.

Søk opptak

Kvifor velje idrettsfag?

Vi legg stor vekt på friluftsliv ved idrettslinja i Odda. Kvart år reiser vi på fleire overnattingsturar, i tillegg til dagsturar både haust og vinter.  Turane er både kjekke og lærerike, og dei skapar eit spesielt godt klassemiljø i idrettsklassane.

I Odda har me tilgang på svært gode treningsfasilitetar. Dette gjer at me kan tilby gode treningsforhold innanfor mange idrettar.

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2 Timetall VG3
Sum timetall per uke 35 35 35
Norsk 4 4 6
Engelsk 5 0 0
Framandspråk 4 4 0
1T/1P matematikk 5 3 0
Naturfag 5 0 0
Samfunnsfag 0 3 0
Geografi 0 2 0
Historie 0 2 4
Religion og etikk 0 0 3
Aktivitetslære 5 5 5
Idrett og samfunn 0 2 3
Treningsledelse 0 2 4
Treningslære 2 3 5
Valfritt programfag 5 5 5

Felles programfag

Treningslære

I treningslære vil du gjennom praktisk og teoretisk undervisning læra om korleis kroppen er bygd opp og korleis han reagerer på trening.

Aktivitetslære

Dette faget har flest timar av programfaga, og dette er eit praktisk fag. Her vert du presentert for eit breitt utval av idrettsaktivitetar, og du får høve til å velja ein eller fleire idrettar som du skal fordjupa deg i.

Idrett og samfunn

Faget tek for seg sentrale emne som er knytte til idretten si historie og utvikling, idretten sin plass i samfunnet og idrett som ein viktig kulturfaktor. Faget gjev deg og ei reflektert haldning til massemedia si fokusering på idretten.

Treningsleiing

Gjennom dette faget vil du få kunnskapar om planlegging av aktivitetar for barn og unge. I praktisk arbeid vil du få læra korleis du skal opptre som leiar, slik at du kan ta på deg instruksjonsarbeid og trenarjobb.

 

Første året

_MG_5500.jpg

Dette året får du prøva deg i ei rekke ulike idrettar, som er med å leggje grunnlaget for ei allsidig utvikling.

Friluftsliv inngår som ein viktig del av idrettsfag dette året og du vil få vera med på turar med overnatting i telt eller under open himmel.

12 timar av dei 35 timane i veka er knytt til idrettsfaga. I fem av desse timene velger du mellom topp- eller breddeidrett.

Du kan, om du driv konkurranseidrett, velja toppidrett. Eller du kan velje breiddeidrett, der du får eit meir allsidig tilbod. Nytt tilbod til idrettselevane innan breiddeidrett er Fjellsport. 

Andre året

_MG_5547.jpg

Dette året vil du få ei djupare praktisk og teoretisk innføring i idrettsfaga. Idrettsfaga utgjer 17 timar av dei 35 timane du har i veka.

Også dette året er det turar i nye naturmiljø som vi gje deg nye opplevingar og erfaringar.

Tredje året

fotballer_web.jpg

Tredje året har du heile 22 timar til idrettsfaga. Treningslære vil vera eit stort og viktig teorifag som legg grunnlaget for å driva fornuftig og målretta trening. Å få god kunnskap om både eigen idrett og trening generelt, er viktig for å kunne trene riktig og utvikle seg så godt som mulig.

Turane dette året vil ta deg med på nye utfordringar og gje deg erfaring og opplevingar. Eit opplæring og treningsopphald i utlandet, står og på programmet dette skuleåret. (2015-16)

vegen vidare

 Utdanninga ved idrettslinja kvalifiserer til opptak til høgare studier. 

Kontakt oss

Avdelingsleiar Profilbilde av Turid Bådsvik Hauso

Turid Bådsvik Hauso

Send e-post
Fagansvarleg Profilbilde av Åge Holtmoen

Åge Holtmoen

Send e-post