Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning. Utdanninga kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel. Det er òg mogleg å ta påbygg til generell studiekompetanse.

Me tilbyr: 

  • Vg1 Helse- og oppvekstfag
  • Vg2 Helsefagarbeidar

På Odda vidaregåande skule har me eit godt samarbeid med verksemder, kommunar og helseforetak i distriktet. Dette gjev eit godt grunnlag for fagleg utvikling og læreplassar.

Søk opptak

Kvifor velje helse- og oppvekstfag?

Helsefag er for deg som ynskjer å arbeide med menneske i alle aldrar og med ulike hjelpebehov. Du må trivst når arbeidsdagane endrar seg og takla nye utfordringar kvar dag.

Kva kan du bli?

Du kan velje mellom mange yrke og arbeidsplassar innan helse- og oppvekstfag, både i privat og offentleg sektor. Du kan bli alt i frå ambulansesjåfør til hudpleiar, eller kanskje tannhelsesekretær? 

Meir frå vilbli.no

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2
Sum timetall per uke 35 35
Norsk 2 2
Engelsk 3 3
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Kroppsøving 2 2
Samfunnsfag 0 2
Felles programfag 17 17
Prosjekt til fordjuping 6 9

Første året

_MWF7952.jpg

Vg 1 Helse- og oppvekstfag

Vg1 Helse- og oppvekstfag har fokus på eit godt sosialt miljø i klassen og ein lærer tidleg å ta vare på kvarandre. Det er ein del teoretisk lærestoff som danne grunnlag for utøving av god praksis. To veker om hausten og to veker om våren har vi praksisperiode. Dei fleste får då prøvd seg i skule, barnehage og i sjukeheimar, men og nokre innanfor andre yrke; hudpleiar, apotekteknikkar mm. 

Vg1-klassane gode tradisjonar for å hente inn fagkompetanse for å sjå på ulike yrkesvegar; ambulansetenesta har vore innom og informert og vist fram utstyr som ein treng i yrket som ambulansearbeidar. 

Andre året

_MG_5474.jpg

Vg2 Helsefagarbeider

Gjennom opplæringa til helsefagarbeider skal du utvikla evna til å møta menneske i ulike livssituasjonar og med ulike kommunikasjonsevner. Opplæringa skal gjera helsefagarbeidaren skikka til å observera og til å bruka kunnskapar om ulike sjukdommar, skadar eller lidingar, og sette i verk førebyggande eller behandlande tiltak innan eige ansvars- og kompetanseområde.

Opplæringa skal utvikla evna til empati, personleg dugleik og gjera deg eigna for yrket og gje deg erfaring i samspel med menneske med ulike hjelpebehov. Ein skal og stimulera til å søka kunnskap og legga grunnlag for endringskompetanse, livslang læring og aktiv deltaking i samfunnet.
Opplæringa skal vera tverrfagleg og praksisnær, og skal knyta teori og praksis saman.

Faga legg opp til varierte undervisningsmetodar og ein vil veksle mellom teori og praksis både i skulen og på institusjonar.

Vegen vidare

Etter to år på skulen kan du velja å gå ut i lære eller ta påbygging til generell studiekompetanse (Vg3).

Ta kontakt

Avdelingsleiar Profilbilde av John Opdal

John Opdal

Send e-post