Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elektrofag

Elektrofag er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2-3 år på skule før du søker læreplass. Lengda på utdanninga varierer noko avhengig av kva lærefag du vel. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vi tilbyr

Odda vidaregåande skule har lang tradisjon for utdanning innan elektrofag. Vi har gode faglærar med lang erfaring frå elektrobransjen. Hos oss kan du søkja:

  • Vg1 Elektrofag
  • Vg2 Elenergi
Søk opptak

Kvifor Elektrofag?

Elektrofag er eit framtidsretta utdanningsval som gjev deg mange moglegheiter. Med fagbrev innan elektro stiller du sterkt både med tanke på moglegheiter for arbeid og vidare utdanning.

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2
Sum timetal per uke 35 35
Norsk 2 2
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Engelsk 3 2
Kroppsøving 2 2
Samfunnsfag 0 3
Felles programfag 17 17
Prosjekt til fordjuping 6 9

Første året

_MG_5620.jpg

Vg1 Elektrofag

Elektrofaget omfattar system for produksjon og distribusjon av elektrisk energi, system for tele- og datakommunikasjon og ei rekke elektriske apparat.

Olje- og industriell produksjon, luft– og jernbanetransport og helsestell er pålagt stadig strengare krav om kvalitet, tryggingssystem,  krav det ville vore vanskeleg å oppfylla utan elektriske system og kompetente fagfolk til å installera og vedlikehalda dei.

Utdanningsprogrammet vil hjelpa til å sikra fagarbeidarar innanfor desse yrka utfordrande oppgåver. Det legg vekt på innsikt, oppleving, refleksjon og medvitne val knytte til dei elektriske systema.

Felles programfag i elektrofaget er det faglege grunnlaget for utdanning til fleire yrke i dette utdanningsprogrammet. 

Andre året

elektro.jpg

Vg2 Elenergi

I eit høgt utvikla teknologisk samfunn treng ein sikre og velfungerande elektriske system. System for elenergi med produksjon, fordeling og installasjon, system for automatisering vert brukte i bustader, næringsbygg, industri og arbeidsliv.

Utan elenergisystem vil det vera krevjande å oppfylla ønsket om teknologiske krav til kvalitet og komfort på viktige område innanfor olje- og industriproduksjon og i bustader. Desse krava vil det vera vanskeleg å stetta utan kvalifiserte fagfolk.

Den teknologiske utviklinga i elenergifaga krev forståing, innsikt og utstyr.

Opplæringa i elenergifag skal utvikla di evne til å tenkja heilskap, fremja forståing for system og tryggleik og utvikla evna til omstilling. Vi legg vekt på oppleving, utprøving, innsikt og medvitne val knytte til elenergi systema og tilhøyrande utstyr.

Opplæringa skal fremja sjølvstende og samarbeid med andre i og utanfor eige fagområde.

Vegen vidare

Etter to år på skulen kan du velja å gå ut i lære eller ta påbygging til generell studiekompetanse (Vg3).

Ta kontakt

Avdelingsleiar Profilbilde av John Opdal

John Opdal

Send e-post