Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bygg- og anleggsteknikk

Bygg- og anleggsteknikk er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vi tilbyr

Bygg og anleggsteknikk er eit praktisk program der mykje av opplæringa går føre seg ute på ulike byggjeplassar. Lærarane har lang erfaring frå bransjen og samarbeider tett med verksemder i regionen med utplassering og prosjekt.

Hos oss kan du søkja:

  • Vg1 Bygg- og anleggsteknikk
  • Vg2 Byggteknikk
Søk opptak

Kvifor Bygg- og anleggsteknikk?

Utdanningsprogrammet omfattar produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg med tilhøyrande tekniske installasjonar.

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2
Sum timetall per uke 35 35
Norsk 2 2
Engelsk 3 2
Matematikk 3 0
Kroppsøving 2 2
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Produksjon 12 12
Teikning og Bransjelære 5 0
Fagleg fordjuping 6 9
Bransjelæra 0 5

Første året

_DSC2912.jpg

Vg1 Bygg- og anleggsteknikk

Programmet omfattar produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg med tilhøyrande tekniske installasjonar. Utdanningsprogrammet vil hjelpa til å sikra fagarbeidarar, innanfor desse yrka, utfordrande utviklingsoppgåver gjennom auka kvalitetskrav,
utforming, produksjon og vedlikehald av konstruksjonar og ei kontinuerleg utvikling av materialar.

Du som vel bygg- og anleggsteknikk bør ha praktisk sans, vera nøyaktig og ha godt handlag. Du bør vera sjølvstendig, men også kunne arbeida i team, sidan mange bygge- og anleggsprosjekt krev nært samarbeid mellom ulike yrkesgrupper

Andre året

_DSC2924.jpg

Vg2 Byggteknikk

Byggteknikk er eit fag som tek føre seg produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg. I opplæringa vert det lagt vekt på utforming, produksjon og vedlikehald av konstruksjonar.

Faget er i ei kontinuerlig utvikling med omsyn til metodar, materialar og krav til kvalitet. Spennvidda i faget er stort, og det er ei målsetting å utvikla samarbeid, fagleg forståing og respekt for dei ulike faga som du vil møta på anleggs- og byggjeplassar. Den einskilde vil gjennom dette faget møta fleire av dei krava som vert stilt til profesjonelle yrkesutøvarar.

Vegen vidare

Etter 2 år på skule kan du velja å gå ut i lære eller ta påbygging til generell studiekompetanse (Vg3).

ta Kontakt

Avdelingsleiar Profilbilde av John Opdal

John Opdal

Send e-post
Fagansvarleg Profilbilde av Tarjei Vangen

Tarjei Vangen

Send e-post