Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevtenester

Vi ynskjer at du skal få hjelp og støtte til det du treng på skulen. Hjelp til utdannings- og yrkesval, faglege og sosiale utfordringar, men også trivselstiltak som bidreg til å skapa eit godt og inkluderande læringsmiljø.

Rådgjevar

Sosialrådgjevar

Bergfinn sine oppgåver er å sjå til at du får hjelp og rettleiing kring sosiale tilhøve på skulen.

Dersom du har problem med skulefaga, t.d. matematikkvanskar eller lese- og skrivevanskar,  kan han hjelpa til med at du får tilrettelegging og hjelp.

Har du problem med å konsentrera deg om skulegongen? Kom innom og ta ein prat.

Bergfinn kan òg kontakte helsesøster, oppfølgings- og PP-tenesta eller andre instansar som kan hjelpa deg. 

Sosialrådgjevar Profilbilde av Bergfinn Kvalnes

Bergfinn Kvalnes

Send e-post

Elevinspektør og studie- og yrkesrådgjevar

Hildegunn  har ansvar for reglement, elevråd og elevdemokrati, russ, hybelliv, førebyggande arbeid (til dømes mobbing, trafikk), søknad til høgskular og universitet.

Ho kan og hjelpe deg med søknad til folkehøgskule, søknad til vidaregåande skule, ordinær søknad og læreplass. 

Elevinspektør og studie- og yrkesrettleiar Profilbilde av Hildegunn Espe

Hildegunn Espe

Send e-post

Skulehelsetenesta

 

Karin Melkeraaen Eike og Sylvia Rabbe er helsesyster, Elin G. Eggestøl Børve er kommunepsykolog og Eirik Grøneng er fysioterapeut.

  • Helsesyster kan formidle kontakt til kommunepsykolog Elin G. Eggestøl Børve.
  • Fysioterapeuten kan treffes ca kvar 4 veke på kontora til skulehelsetenesta. Timebestilling via helsesyster.

Kontora ligg i kjellaren i gymnasbygget

Du kan komme ned til kontora utan timeavtale. Dersom du har ønske om å få avtalt time, kan du ta kontakt via mail, sms eller it’s learning

      karin.eike@odda.kommune.no               sylvia.rabbe@odda.kommune.no

Mobilnummer: 97558437  /  kontor  tlf.: 57307445

Tenesta er gratis og vi har teieplikt.

Ta gjerne kontakt dersom du treng nokon å snakke med, enten det gjeld noko du bekymrar deg for eller du treng råd i forhold til fysisk, psykisk og sosiale forhold. Besøk hos psykolog, helsesyster og fysioterapeut blir ikkje oppført som fråvær. Dersom eleven er einig og det er behov for annan hjelp, kan vi samarbeide med skule og andre faginstansar

Velkommen

tastatur_web.jpg

IKT-hjelp

Alle elevar som har privatkjøpt PC og som har problem med PC-en, må gå gjennom leverandøren dei  kjøpte maskina av. 

IKT-hjelp
IKT-konsulent Profilbilde av Raoul Mauritz Olsson

Raoul Mauritz Olsson

Send e-post

Nullmobbing

Null mobbing