Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Naturbruk

Er du interessert i natur og miljø, dyr og menneske? Då kan naturbruk passe for deg. Du kan bli lærling etter 2 år på skule, og deretter ta fagbrev. Du kan òg gå vidare på Vg3 og ta yrkeskompetanse eller studiekompetanse, avhengig av kva programområde du vel.

Kvifor velja naturbruk?

Naturbruk er ein praktisk og spanande veg til yrkeskompetanse eller til studiekompetanse.

På Vg1 Naturbruk har me tre studietilbod:

  • Landbruk
  • Hest
  • Villmark.

Det er timane i programfaga som gjev identiteten til kvart av desse 3 studietilboda.

Søk skuleplass

Kva kan du verta

Med generell studiekompetanse kan du koma inn på høgskular og universitet. Med fordjuping i realfaga vil dei aller fleste studieretningar vera opne for deg. Kompetanse innan naturbruk vert verdsett i stadig fleire yrke:

  • Ved oppstart av eiga verksemd
  • I arbeid innan grøn omsorg, med born og unge og menneske med særskilte behov
  • Lærar, politi, psykolog, sjukepleiar, fysioterapeut og IT-kandidat
  • Gardbrukar
  • Rettleiar innanfor landbruk
  • Sivilagronom, advokat, bioteknolog

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2 Naturbruk Vg3 Agronom  Vg3
Sum timetall per uke 35 35 35 35
Norsk 2 2 10 0
Matematikk 3 0 5 0
Engelsk 3 2 0 0
Naturfag 2 0 3 0
Samfunnsfag 0 3 0 0
Kroppsøving 2 2 2 2
Programfag 17 17 5 23
Historie 0 0 5 0
Naturforvaltning 0 0 5 0
Prosjekt til fordjuping 6 9 0 0
Traktor og maskin 0 0 0 5
Økonomi og drift 0 0 0 5

Første året

kosmedku.jpg

Vg1 Landbruk

 Vil du ha ei praktisk utdanning med grøne verdiar? I praktiske øvingar lærer du om  stell og foring av dyra, stell av og hogst i skog . Du får opplæring på traktor og landbruksutstyr som vert brukt i drifta av skulegarden. Opplæringa handlar også om ulik bruk av naturen, foredling av råvarer som kjøt og ull, og du får opplæring i jakt og fiske.

Etter Vg1 Landbruk går du vidare på Vg2 Landbruk og gartneri, eller du kan og velja ei av dei andre Vg2-linjene på Naturbruk.

villmark.jpg

Vg1 Villmark

Villmarkslinja er for deg som vil skaffa deg betre kunnskap om friluftsliv og få gode ferdigheiter innan klatring, rafting, jakt og fiske.  Dette er eit perfekt start på utdanninga om du vil ha studiekompetanse, og samtidig ein aktiv og spanande kvardag.

Gjennom året på Vg1 får du vera med  på og læra deg basiskompetanse om fjellturar, jakt og fiske, klatring, padling, rafting og brevandring. Etter Vg1 Villmark går du vidare på Vg2 Villmark eller du kan og velja ei av dei andre Vg2-linjene på Naturbruk.

Hestefaget - ryttere ved vann.jpg

Vg1 Hest

På vg1 har me fokus på grunnleggande hestekunnskap i kombinasjon med utvikling av dine ferdigheiter som ryttar og/ eller kusk. Du får muligheita til å prøve ut ulike greiner innan hestefag, og du kan sjølv velje å fordjupe deg innan eit spesielt interessefelt 6 timar i veka.

Det er ikkje nødvendig å ha med eigen hest, men om du har, ligg alt til rette for det. Hestefaget kan kombinerast med både generell og spesiell studiekompetanse. Etter vg1 kan du gå vidare til vg2 hest- og hovslagarfag, eller du kan velja ei av dei andre Vg2-linjene på Naturbruk.

Me har gleda av å kunne ynskje deg velkomen til ein flunkande ny og moderne stall.

Andre året

vintercamp.jpg

Vg2 Villmarksliv

Andre året på villmarksliv får du fordjuping i sentrale temaer. Du lærer om det å vera guide innan rafting, padling, ski, klatring og jakt og fiske. Etter gjennomført Vg2 har du fått med deg jegerprøven, brattkort i klatring, våtkort, skredkurs og kurs i elvepadling.

Gjennom skuleåret skal du få vidareutvikla dei praktiske og teoretiske basisferdigheitene du fekk på Vg1.

Etter Vg2 Villmarksliv er du kvalifisert for å gå på Vg3 Naturbruk og ta generell studiekompetanse.

naturbruk - kos rundt balet.jpg

Vg2 Heste- og hovslagerfag

På Vg2 får du vidareutvikla kompetansen din i hestefag. Du får utfyllande kunnskap om hestens stell og helse, korleis driva ein profesjonell stall, og du får yrkesrelevant praksis i ei hestebedrift ein dag i veka.

Skulekvardagen din kan i stor grad tilpassast di hesteinteresse, anten det er klassisk ridning og køyring, sprang og dressur eller Ekstrem hest - eit nytt tilbod for skuleåret 2016.

Hestefaget kan kombinerast med både generell og spesiell studiekompetanse.  Etter Vg2 kan du gå vidare til Vg3, eller du kan gå ut i lære og ta fagprøve etter 2 års læretid.

elevmotorsag.jpg

Vg2 Landbruk og gartnarnæring

Her får du auka din kompetanse om husdyr, plantar, skogen, foringsutstyr og traktor, slik at du vert i stand til å gjennomføra praktiske øvingar både inne i fjøsen og ute på enga. Du får vera med på å ta i mot lam om våren og er med på å sanka inn dei om hausten.

Du får ei svært allsidig opplæring, med tema som innhausting, foredling av kjøt og fisk, verkstad og skog, Gjennom året får du fleire kompetansegjevande kurs som plantevernkurs, jegerprøven, varmearbeid og levande skog. Etter Vg2 Landbruk  er du kvalifisert for å gå på Vg3 Landbruk og få yrkeskompetanse som agronom. Du kan dessutan gå på Vg3 naturbruk som gir generell studiekompetanse.

_dsc2204.jpg

Vg2 Anleggsgartner- og idrettsanleggsfag

Som anleggsgartner får du eit breitt spekter av arbeidsoppgåver som gjev deg ein variert arbeidskvardag. Dette yrket passar for deg som er glad i å arbeide ute, likar å handtere ulike typer maskiner og som kan tenke deg å arbeide både med planter og stein.

Som driftsoperatør på idrettsanlegg får du eit yrke der du vedlikeheld og driftar ulike typer idrettsanlegg.  Det høver godt til deg som likar varierte arbeidsoppgåver utandørs og handtering av ulike typer maskiner og anlegg.

Tredje året

lastingtømmer.jpg

Vg3 Landbruk

Dette året vil føra deg fram til yrkeskompetanse som agronom, og du er klar til å gå ut i arbeidslivet etter Vg3-året.

Elev på Vg3 Landbruk gjev deg ein praktisk og yrkesretta skulekvardag. Du får vera med å planleggja og gjennomføra praktiske øvingar, får ansvar for mjølking og stell av dyra, og lærer om økonomiske investeringar og kostnader rundt moderne og lønsam gardsdrift. Etter Vg3 landbruk kan du ta eit påbyggingsår som gir studiekompetanse.

kjemilab2.jpg

Vg3 Naturbruk (studiespesialiserande)

Vg3 Naturbruk gjev deg generell eller spesiell studiekompetanse. Om du har gått på villmark, hest eller landbruk er du kvalifisert til å gå på Vg3 Naturbruk og etterpå få generell studiekompetanse. Dette utdanningsløpet opnar for 5 timar hest per veke på vg3. Dersom du har brukt timane i faget Prosjekt  til fordjuping til å skaffa deg ekstra poeng og kompetanse i matematikk, biologi og kjemi, har du og spesiell studiekompetanse, og denne gjev deg studiekompetanse til m.a. veterinærstudiet

 

Vegen Vidare

Dei som går på Vg2 Heste- og hovslagarfag kan velje å gå ut i lære etter to år på skule. 

Bli lærling


Dei som har teke studiekompetanse kan søkje på høgare utdanning gjennom Samorda opptak. 

Samordna opptak

Treng du meir info?

Avdelingsleiar, naturbruk Profilbilde av Trond Håvard Bjørnstad

Trond Håvard Bjørnstad

Send e-post 57307619