Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Teknikk og industriell produksjon

Teknikk og industriell produksjon er ei yrkesfagleg utdanning. På VG2 kan du velje mellom mange fagområde. Etter 2 år på skule er det vanleg å søke læreplass for å ta fagbrev. Både før og etter læretida kan du ta påbygging til generell studie-kompetanse.

Vi tilbyr:

  • Vg1 Teknikk og industriell produksjon (TIP)
  • Vg2 Industriteknologi (TIPPIN)

På KVV har vi eit stort og moderne verkstadlokale, og vi gjev ei spanande undervisning med veksling mellom praksis og teori.  Utdanninga har fokus på samarbeid mellom skule og bedrift.  Denne fagplattforma er det etterspurnad etter i mange bransjar.

Søk opptak

Kvifor velje teknikk og industriell produksjon (TIP)?

Har du praktisk sans og godt handlag? Har du interesse av å arbeida med teknologisk utstyr i jobben din? Då er programområdet TIP noko for deg.

Kva kan du mellom anna bli?

  •  CNC-operatør
  •  Sveisar
  •  Platearbeidar
  •  Industrimontør
  •  Industrirøyrleggjar

Meir om yrkesvalg innan TIP på vilbli.no 

Les meir om Teknikk og industriell produksjon

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal VG1 Timetal VG2
Sum timetal pr. veke 35 35
Norsk 2 2
Engelsk 3 2
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Kroppsøving 2 2
Felles programfag 17 17
Yrkesfagleg fordjuping (YFF) 6 9

Første året

_DSC0341.jpg

Vg1 Teknikk og industriell produksjon (TIP)

På Vg1 har vi fylgjande programfag:

  • Produksjon
  • Tekniske tenester
  • Dokumentasjon og kvalitet
  • Prosjekt til fordjuping

Desse faga gjev deg ei praktisk, variert og teknisk grunnopplæring, og ei brei plattform for vidare yrkesval.

Andre året

_MWF4041.jpg

Vg2 Industriteknologi (TIPPIN)

Har du praktisk sans, godt handlag og er nøyaktig?

Er du god på å samarbeide og samtidig sjølvstendig kan dette vera noko for deg, dersom interessa for ny teknologi er til stades

Utdanningsprogrammet fører fram til diverse yrker innan:

  • teknisk industri
  • skipsindustri
  • tekoindustri
  • bilindustri
  • kjemisk prosessindustri og i oljebransjen

Helse, miljø og tryggleik står sentralt i desse yrka, kor det å arbeide etter prosedyrer og teikningar, og med registrering og dokumentasjon er svært viktig.

Ut i lære

Etter 2-3 år i skule kan du søke læreplass i godkjente lærebedrifter.

Lurer du på korleis du søker læreplass eller kva som er godkjente lærebedrifter? Informasjon om dette finn du ved å følge lenkja Bli lærling under. Læreplass søker du på vigo.no.

Bli lærling Søk læreplass

 

 

Kontakt oss

Fagteamleiar Profilbilde av Rune Fjellandsbø

Rune Fjellandsbø

Send e-post