Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Service og samferdsel

Er du serviceinnstilt og liker å hjelpe folk? Då kan service og samferdsel vere noko for deg. Du går to år på skule før du held fram som lærling i ei bedrift. Utdanninga fører fram til fagbrev. Du kan òg ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vi tilbyr:

Vg1 Service og samferdsel
Vg2 Sal, service og tryggleik

Søk opptak

Kvifor velje service og samferdsel?

  • Likar du ein jobb med mykje kontakt med menneske?
  • Vil du ha ein utfordrande og variert jobb?
  • Synest du arbeid med datamaskiner og IKT er spanande og utfordrande?
  • Er du serviceinnstilt?
  • Vil du lære om korleis du kan etablera di eigen bedrift?

Då kan service og samferdsel vera rette valet for deg!

Les meir om Service og samferdsel

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetall VG1 Timetall VG2
Sum timetall per uke 35 35
Norsk 2 2
Matematikk 3 0
Engelsk 3 2
Kroppsøving 2 2
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Programfag 17 17
Yrkesfagleg fordjuping (YFF) 6 9

Første året

_MWF4197.jpg

 

Vg1 har tre programfag: 

1. Administrasjon og økonomi, 2. Marknadsføring og salg, 3. Sikkerhet og transport. I løpet av første året skal du tileigne deg grunnleggjande kunnskap om kommunikasjon, kulturforståing, marknadsføring, budsjettering og rekneskap,  logistikk, service og tryggleik. Du skal lære om aktuelle lover, analyseteknikkar og føresetnader som er viktige for å kunne etablere di eiga verksemd. Du skal kunne bruke ulike teknologiske hjelpemiddel, informasjons- og kommunikasjonsprogram. Mange yrke innan området har stor internasjonal kontakt. Gode kunnskapar i framandspråk er difor viktig.

Andre året

_MWF4199.jpg

VG2 har elevane 9 t/v med fellesfag, 17 timar med programfag og 9 timar med prosjekt til fordjuping.  I programfaga vert dei emna ein hadde i Vg1 vidareført og utdjupa og ein får dessutan eit nytt programfag i tryggleik (sikkerhet) som særleg siktar seg inn mot vektaryrket.   

Dersom du vel utdanningsprogrammet Service og samferdsel, kan du etter 2 år opplæring i skule og 2 år i lære ta fagbrev i salsfaget, kontor- og administrasjonsfaget, tryggleiksfaget (vektarfaget), IKT-servicefaget, resepsjonsfaget, reiselivsfaget, logistikkfaget eller yrkessjåførfaget.

 

Ut i lære

Etter 2-3 år i skule kan du søke læreplass i godkjente lærebedrifter.

Lurer du på korleis du søker læreplass eller kva som er godkjente lærebedrifter? Informasjon om dette finn du ved å følge lenkja Bli lærling under. Læreplass søker du på vigo.no.

Bli lærling Søk læreplass

 

 

 

 

Kontakt oss

Profilbilde av Laila Gregersen Sund

Laila Gregersen Sund

Send e-post