Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning. Utdanninga kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel. Det er òg mogleg å ta påbygg til generell studiekompetanse.

Vi tilbyr

Vg1 Helse- og oppvekstfag
Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag
Vg2 Helsearbeidarfag

I Kvinnherad har vi eit godt samarbeid med offentlege og private institusjonar. Alle våre elevar får prøva seg i praksis, til dømes i barnehage, skule, helseinstitusjon og andre liknande tilbod.

 

Søk opptak

Kvifor velje helse- og oppvekstfag?

Ynskjer du å arbeide med menneske i alle aldrar?
Kanskje du trivst best når ingen arbeidsdagar er like og du møter nye utfordringar kvar dag?
Då kan helse- og oppvekstfag vera noko for deg!

Kva kan du bli?

Du kan velje mellom mange yrke og arbeidsplassar innan helse- og oppvekstfag, både i privat og offentleg sektor. Du kan bli alt frå ambulansesjåfør til hudpleiar, eller tannhelsesekretær. Fleire val finn du på vilbli.no  

Les meir om Helse- og oppvekstfag

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal VG1 Timetal VG2
Sum timetal pr. veke 35 35
Norsk 2 2
Engelsk 3 2
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Kroppsøving 2 2
Programfag 17 17
Yrkesfagleg fordjuping (YFF) 6 9

Første året

_DSC0428.jpg

I tillegg til fellesfaga norsk, engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving, har Vg1 Helse- og oppvekstfag  fylgjande programfag:

Helsefremjande arbeid, kommunikasjon og samhandling, yrkesutøving og yrkesfagleg fordjuping. Her får du den grunnleggjande kunnskapen du treng for vidare opplæring på Vg2.

I faget yrkesfagleg fordjuping får du allereie på Vg1 prøva deg i yrkespraksis før du skal ta val om kva Vg2 utdanning du vil søkja

Andre året

_MWF4135.jpg

Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag

Her får du kunnskap om fysisk og psykisk utvikling og  helse hos barn og unge. I programfaga lærer du om helsefremjande arbeid, kommunikasjon og god yrkesutøving.

Praksis utgjer ein stor del av faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF), med lange praksisperiodar i både første og andre termin.  Du kan sjølv koma med ynskje om praksisplass. Dette kan mellom anna vera i barnehager, skular, skulefritidsordningar, klubbar og kommunale etatar. 

_DSC0427.jpg

Vg2 Helsearbeiderfaget

Her får du både praktisk og teoretisk opplæring. Du får kunnskap om grunnleggjande sjukepleie, sjukdomslære, kommunikasjon og kva som vert forventa av deg som profesjonell helsefagarbeidar.

Praksis utgjer ein stor del av faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF), med lange praksisperiodar.  Du kan sjølv koma med ynskje om praksisplass. Dette kan vere på sjukehus, sjukeheim, bufellesskap, open omsorg, med vidare

Ut i lære

Etter 2-3 år i skule kan du søke læreplass i godkjente lærebedrifter.

Lurer du på korleis du søker læreplass eller kva som er godkjente lærebedrifter? Informasjon om dette finn du ved å følge lenkja Bli lærling under. Læreplass søker du på vigo.no

Bli lærling Søk læreplass

Kontakt oss

Fagteamleiar Profilbilde av Jorunn Hjelmeland Mølster

Jorunn Hjelmeland Mølster

Send e-post