Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elektrofag

Elektrofag er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2-3 år på skule før du søker læreplass. Lengda på utdanninga varierer noko avhengig av kva lærefag du vel. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vi tilbyr:

  • Vg1 Elektrofag
  • Vg2 El-energi

Elektrofag er utgangspunkt for ein spanande og allsidig yrkeskarriere.

På elektrofag må du kunne arbeide nøyaktig, sikkert og systematisk, og du bør vere serviceorientert. Logisk tenkemåte og kreativitet er også viktig.

Søk opptak


Kvifor velje elektrofag?

 Vi treng kvalifiserte fagfolk som installerer og held ved like elektroniske system.

 Vi treng system som leverer elektrisk energi til maskiner og kommunikasjonsmiddel som vert brukte både heime, og på jobb. Først når det ikkje fungerer, merkar vi kor hjelpelause og avhengige vi er av elektriske system. Industriproduksjonen vert ståande stille, transportvesenet sviktar, og samfunnet stoppar meir eller mindre opp.

Vi treng kvalifiserte fagfolk som installerer og held ved like elektroniske system.

 

Les meir om elektrofag

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal VG1 Timetal VG2
Sum timetal pr. veke 35 35
Norsk 2 2
Engelsk 3 2
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Kroppsøving 2 2
Programfag 17 17
Samfunnsfag 0 3
Yrkesfagleg fordjuping (YFF) 6 9

Første året

_DSC0372.jpg

Elektrofag er utdanningsprogrammet for deg som tenkjer å arbeide innanfor elektrisitetsforsyning, installasjon, automatisering, eller data- og elektronikkbransjen. Det vert kravd av deg at du er nøyaktig, sikker og systematisk. Du bør også ha ei viss evne til å tenkje logisk, og vere praktisk anlagt.

På KVV får du både praktisk og teoretisk undervisning.

Innanfor den teoretiske delen, er matematikk eit viktig støttefag. Praktisk prosjektarbeid er ei viktig undervisningsform, og den praktiske undervisninga vert gjennomført i eigne elektroverkstader.

Du lærer grunnleggande bruk av verktøy og instrument, og å tolke teikningar, instruksjonar og reglar. 

Vg1 Elektrofag har tre felles programfag:

  • Automatiseringssystem
  • El-energisystem
  • Data- og elektronikksystem

I tillegg har vi faget Yrkesfagleg fordjuping (YFF), der vi arbeider med tema som er relevante for våre programområde.

Andre året

_DSC0355.jpg

Med fullført Vg2 El-energi, kan du velje mellom åtte ulike fagbrev - alt frå elektrikar til heismontør.

Undervisninga er lagt opp kring praktisk arbeid, på same måte som på Vg1, men på Vg2 monterer vi meir samansette anlegg, og skaffar oss utfyllande kunnskapar om desse.

Eksamen fra Vg2 gjev deg høve til å søkje læreplass i ei bedrift slik at du kan ta fagbrev. Vegen mot fagbrev etter Vg2 tek vanligvis 2,5 år.

Ut i lære

Etter 2-3 år i skule kan du søke læreplass i godkjente lærebedrifter.

Lurer du på korleis du søker læreplass, eller kva som er godkjende lærebedrifter? Informasjon om dette finn du ved å følge lenkja "Bli lærling" under. Læreplass søker du på vigo.no.

Bli lærling Søk læreplass

 

Kontakt oss

Profilbilde av Asbjørn Eikenes

Asbjørn Eikenes

Send e-post