Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bygg- og anleggsteknikk

Bygg- og anleggsteknikk er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vi tilbyr:

Vg1 Bygg- og anleggsteknikk
Vg2 Byggteknikk

Mykje av opplæringa skjer gjennom praktisk arbeid utanfor skulen. Mellom anna får Vg2-elevar tilbod om praksis i Spania deler av skuleåret.

Søk opptak

Kvifor velje byggfag?

Likar du å skape noko med nevane dine? Likar du praktisk arbeid? Likar du å samarbeide med andre, samstundes som du kan arbeida sjølvstendig?
Då kan byggfag vera noko for deg!

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal VG1 Timetal VG2
Sum timetal pr. veke 35 35
Norsk 2 2
Matematikk 3 0
Engelsk 3 2
Kroppsøving 2 2
Naturfag 2 0
Samfunnsfag 0 3
Programfag 17 17
Yrkesfagleg fordjuping (YFF) 6 9

Første året

_DSC0240.jpg

Vg1 er felles for alle som tar Bygg- og anleggsteknikk.

Mykje praksis vert  vektlagt. Elevane får kjennskap til mange ulike byggfag. Alle vel å fordjupe seg i eit fag og får prøve dette faget i ei bedrift/ praksis.

På Bygg- og anleggsteknikk får alle elevar praktiske og varierte arbeidsoppgåver. 

Organisering av opplæringa

På Vg1 Bygg- og anleggsteknikk får du grunnleggande opplæring og høve til å prøve ut ulike sider av bygg- og anleggsyrka. Dette skjer gjennom fleire ulike moduler.  Ein stor del av opplæringa er praktisk retta. Det vil sei at du planlegger eit arbeid, produserer (utfører) det du har planlagt, og dokumenterer det du har gjort. 

Andre året

_DSC0303.jpg

På Vg2 Byggteknikk får du opplæring innan fire fagområde:

  • Stillasfaget
  • Betongfaget
  • Murarfaget
  • Tømrarfaget

I faget yrkesfagleg fordjuping vel du å fordjupe deg i eit av fagområda. Skulen har eit godt samarbeid med næringslivet. Deler av den praktiske undervisninga blir lagt til byggeplasser.

Utdanningsprogrammet omfatter produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygninger og anlegg med tilhøyrande tekniske installasjoner. Undervisninga vekslar mellom teori, praksis, og bruk av IKT i undervisninga.

Deler av praksisen vert lagt til Spania.

Ut i lære

Etter 2-3 år i skule kan du søke læreplass i godkjente lærebedrifter.

Lurer du på korleis du søker læreplass eller kva som er godkjente lærebedrifter? Informasjon om dette finn du ved å følge lenkja Bli lærling under. Læreplass søker du på vigo.no.

Bli lærling Søk læreplass

 

Kontakt oss

Profilbilde av Sverre Røssland

Sverre Røssland

Send e-post 95762120